Stipendiat (3 år) i ernæring ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 15.08.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat ved Senter for sammensatte sykdommer og aldring (CC.AGE)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er del av det nye Senter for sammensatte sykdommer og aldring (CC.AGE), finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse. CC.AGE er ein del av Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), leia av professor Bettina S. Husebø. SEFAS har 15 tilsette og veks raskt med fleire nye forskarstillingar. SEFAS har kontor ved Alrek helseklynge i Bergen, og har fokus på innovasjon, tverrprofesjonell samarbeid, brukarinvolvering og samarbeid med industripartnarar. CC.AGE har tett samarbeid med Institutt for informatikk, Universitetet i Bergen (UiB); Senter for ernæring, Klinisk institutt 1, UiB; og Bergen senter for etikk og prioriteringar i helse (BCEPS), UiB.
CC.AGE starta formelt i februar 2024, med mål om å støtte eldre vaksne i å bo trygt og uavhengig heime, ved å utforske og utvikle relevant teknologi. Denne stipendiatstillinga er nært knytt til eit aktivt forskingsnettverk med erfaring og kompetanse frå komplekse helseintervensjonar hos heimebuande eldre vaksne, og personar med komplekse tilstandar, inkludert demens og Parkinsons sjukdom. Prosjektet forventast å gi resultat av høg klinisk relevans som kvalifiserer for publisering i internasjonale anerkjente fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karrierebygging med eit langsiktig perspektiv.
Kandidaten skal bidra til å kartlegge matinntak og hydreringsstatus hos eldre vaksne ved hjelp av sensor-einingar, støtte datahandteringsprosessen, og kandidaten vil utføre analysar av kvantitative data.
Kandidaten skal hjelpe til i arbeidet med e-Delphi prosessen som skal brukast for å etablere noverande state-of-the-art og forme retninga til CC.AGE.
Kandidaten skal jobbe tverrfagleg og bidra til å designe nye digitale biomarkørar for å spore ernæringsstatus og livskvalitet til eldre vaksne med komplekse sjukdommar.
Kandidaten vil bidra til gjennomføringa av studien saman med resten av prosjektgruppa som vil bestå av kliniske forskarar, ingeniørar, stipendiatar og statistikarar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i klinisk ernæring eller anna relevant grad på same nivå, og må inneha autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
I tillegg vil det telle positivt om kandidaten har klinisk erfaring
Erfaring med prosessering av data og statistisk analyse er ein føremon (relevante program inkluderer R, SPSS, STATA osb.)
Erfaring med eldreomsorg eller forsking relatert til dette er ein føremon, men er ikkje avgjerande
God skriftleg og munnleg norsk er eit krav
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav
For stillinga gjeldt følgande:
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
Eventuelle publikasjonar (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Professor Jutta Dierkes, e-post: Jutta.Dierkes@uib.no eller tlf.: +47 954 48 279
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.