Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Sosiologisk institutt. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er undervisning, vegleiing og administrasjon knytt til master i sosiologi med integrert praktisk-pedagogisk utdanning (lektorprogram med master i sosiologi).
Sosiologisk institutt er ein del av det samfunnsvitskapelege miljøet ved Universitetet i Bergen, har 13 tilsette i faste vitskaplege stillingar, og samarbeider med andre sosiologmiljø nasjonalt og internasjonalt. Forskinga ved instituttet har ein bred fagleg profil konsentrert om tre område: Velferd, ulikskap og livsløp (VUL), Migrasjon, integrasjon og mobilitet (MIM) og Arbeid, kunnskap og utdanning (AKU). Vi har og ei gruppe knytt til arbeid med kvantitativ metode. Instituttet har eit årsstudium, bachelorprogram og masterprogram i sosiologi, og frå hausten 2021 master i sosiologi med integrert praktisk-pedagogisk utdanning (lektorprogram med master i sosiologi).
Vi ønskjer søkjarar med prosjekt med særleg relevans for lektorprogrammet. Dette kan være forsking om tema som ungdom, utdanning og/eller formidling av samfunnsfag i skolen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad i sosiologi. eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Andre krav
Nytte norsk og engelsk skriftleg og munnleg
Ha interesse og engasjement for samfunnsfag i skolen.
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.
Om stillinga
Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om ph.d.-utdanninga:
Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120
studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Vi tilbyr:
Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn påkr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
Prosjektskildring
CV
Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
Relevante attestar
Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Eventuelle publikasjonar
Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd
Prosjektet:
Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.
Søknadsfrist: 15.2.2020.
Søknaden må merkast: 20/12339
Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Liv Johanne Syltevik, Liv.Syltevik@uib.no, tlf. 55589169, Liv.Syltevik@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Even Michal Endresen
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne.Gravermoen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.