Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i tektonikk/bassenganalyse. Stillinga er eit samarbeid med Institutt for geovitenskap, ved Fakultet for naturvitskap og teknologi. Stipendiaten vil ha sin daglege arbeidsplass ved Institutt for geovitenskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er knytt til prosjektet «Source–Sink Dynamics of the northeastern North Sea region”, finansiert av Vår Energi og Equinor, og ledet av professor Haakon Fossen samen med professor Joachim Jacobs og professor Christian Eide.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Hovudmålet med prosjektet er å få ei betre forståing av det dynamiske forholdet mellom erosjon på land (kjelde) og avsetningsmønster til havs (sink) for den austlege delen av det nordlege riftbassenget i Nordsjøen, frå trias og inn i krit. Prosjektet vil kombinera berggrunnsdata på land, geomorfologiske og termokronometriske data og seismiske/brønndata til havs.
Forskinga vil involvera:
Bruk av boreholkalibrert 3D-seismiske datasett for å kartleggja viktige horisontar, sedimentstransportindikatorar og forkastingsaktivitet
Bruk av 2D-restaureringsverktøy for seksjonsrestaurering
Produsera kart over sedimentsvolum i basseng, avsetningsratar og transportvegar gjennom tid, kombinert med utgravingsdata på land og topo-/landskapsmodellar
Evaluering av termokronometriske data og proveniensdata for å etablera ein tidsmodell for det regionale «source-to-sink» systemet
Samhandling med geofagfolk i industrien for å trekkja på ekspertisen deira og data
Presentasjon av resultat på internasjonale konferansar
Produksjon av publiseringar av resultat i fagfellevurderte geofagtidsskrift
I kva grad stipendiaten vil vera involvert i termokronometrisk analyse og evaluering vil avhenga av bakgrunnen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd ei mastergrad eller tilsvarande utdanning i geofag som er relevant for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Bakgrunn innan strukturgeologi og bassenganalyse er eit krav
Erfaring med seismisk tolking er eit krav, helst ved bruk av Petrel-programvare
Erfaring med *lavtemperatur-termokronometri er ein fordel
Erfaring med restaureringsteknikkar, dynamisk jordskorpemodellering eller landskapsmodellering er ein fordel
Kunnskap om den nordlege Nordsjøens riftsystem og landgeologien i Noreg er ein fordel
Søkjarar må kunna jobba sjølvstendig og strukturerte og demonstrera gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på NOK 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
CV
Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.