LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i raske aerodynamiske modellar for havvindparkar ved bruk av maskinlæringsmetodar

Søknadsfrist: 28.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning), og vil dekkja ein viktig del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. Stillinga er knytt til prosjektet Development of fast aerodynamic models intended for the optimal design and operation of offshore wind farms by using supervised machine learning – MACHINE WIND, støtta gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

MACHINE WIND vil utvikle eit rammeverk for optimal design og drift av havvindparkar ved hjelp av kombinasjon og integrasjon av sanntidssimuleringsteknologi og overvaka maskinlæringsteknikkar (Supervised Machine Learning, ML). Dette vil bli oppnådd ved å ta i bruk ein rask mellom-presisjons-modellering for å estimere aerodynamiske belastningar og kraftproduksjon av havvindturbinar til dømes Unsteady Vortex-Lattice Method og kunstige Neural Networks i ulike variantar og arkitekturar for å estimere dei mange aerodynamiske interaksjonane som skjer innanfor ein havvindpark. Vidare vil den raske mellom-presisjons-modelleringa bli brukt til å representere straumen i nærfeltet, medan ML vil bli brukt til å representere straumen i fjernfeltet, det vil seie dei fjerne virvelstraumane. I tillegg vil vi sette opp eit redusert tal referansekonfigurasjonar for havvindparkar som vil bli brukt gjennom Transfer Learning (TL) for å undersøke meir komplekse havvindpark-konfigurasjonar. Her skal ein konfigurasjon forståast som ei geometrisk fordeling og orientering av havvinturbinar over eit spesifikt område innanfor ein enkel havvindpark. Denne typen tilnærming som kombinerer modellering og ML for applikasjonar innan vindenergi til havs, sjølv om den har stort potensial, er framleis på eit tidleg stadium. Difor foreslår vi å utvikle eit rammeverk, som vil hjelpe oss til å forenkle og forbetre design og drift av havvindparkar, og dermed vil det betydeleg forbetre dei føreseielege evnene samanlikna med gjeldene metodar på tilstanden av kunnskapen.

Forskingsaktivitetane knytt til stillinga inneberer også eit tett samarbeid med pågåande forsking ved BOW og GFI. Det er venta at resultata som kjem frå desse forskingsaktivitetane vil bli publisert i høgt rangerte internasjonale tidsskrift.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, matematikk, fysikk eller ingeniørvitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.06.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Erfaring frå "Supervised Machine Learning" (ML) er eit krav. 
  • Ferdigheiter med programmering (f. eks. Fortran, C++ og Python) er eit krav. 
  • Erfaring med metoden "Unsteady Vortex-Lattice Method" (UVLM) er ein fordel. 
  • Erfaring frå "High-Performance Computing" (HPC) er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. 

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga 

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV. 
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. 
  • relevante attestar. 
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar. 
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker). 
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Professor Cristian G. Gebhardt, Geofysikk institutt og Bergen Offshore Wind Centre, e-post: Cristian.Gebhardt@uib.no, Tel.: +47 55 58 26 23

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand (maria.svasand @uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS