LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i miljøpåverking (undervatnsstøy) frå flytande havvindturbinar

Søknadsfrist: 07.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan miljøpåverknad frå akustisk støy under vatn forårsaka av vindturbinar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til WindSys-prosjektet, et samarbeidsprosjekt for kunnskapsbygging. Stipendiaten vil vere medlem av forskingsgruppa Fornybar energi og Bergen Offshore Wind Center.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Sidan havvindenergi held fram med å vokse som ein fornybar energikjelde, er det avgjerande å forstå og handtere mogleg miljøpåverknad som er direkte knytt til denne utviklinga. Vindturbinar genererer undervatnsstøy i ulike fasar av levetida deira, spesielt under driftsfasen. Når dei roterande mekaniske komponentane vibrerer, kan støy genererast og overførast til vatnet. Dette prosjektet bidrar til å fremje overgangen til grøn energi ved å gi verdifull innsikt og kunnskap for å kunne vurdere og redusere miljøpåverkinga av havvindparkar.

Denne støyen kan potensielt påverke marine økosystem. Å forstå omfanget og eigenskapane til denne støyen er avgjerande: (i) for å vurdere potensielle effektar på marint liv, som marine pattedyr, fisk og andre akvatiske organismar; og (ii) for å utarbeide strategiar for å redusere uønskte effektar og støtte berekraftig vekst av fornybar energi, samstundes som marine økosystem beskyttast. Målet med WP3 i WindSYS-prosjektet er å opprette eit integrert overvakingssystem som omfatter samanheng mellom tårnvibrasjonar frå flytande vindturbinar til den resulterande undervatnsstøyen. Denne informasjonen hjelper deretter med å identifisere påverkinga av støyforureining på åtferd, kommunikasjon, navigasjon og generell trivsel for marine arter i andre WPs.

Som ein del av samarbeidsprosjektet WindSYS vil dette doktorgradsarbeidet fokusere på å analysere målingar og modellere undervatnsstøy i nærområdet til den flytande havvindparken Hywind Tampen . Ein vil også utforske korleis denne støyen kan påverke det lokale økosystemet. Ei rekke forskingsspørsmål må svarast på, inkludert korleis vibrasjonen av strukturen under ulike påkjenningar korrelerer med generering og spreiing av støy; Korleis målingar og modellering av undervantsstøy kan ta omsyn til ulike faktorar som tårnvibrasjon, vindhastigheit, havbølger og tilstand i vatnet; Kva for ein rolle slike målingar/modellering vil ha for å forstå det komplekse forhaldet mellom støyen som sendast ut frå flytande turbinar i marine økosystem (spesielt pelagisk fisk). Disse spørsmåla vil bli vidareutvikla for å tilpasse kandidatens særskilde interesser og evner.

I prosjektet kan det bli moglegheit for å samarbeide med selskap eller industri med faktiske målingar av vindturbinstøy.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i meteorologi, oseanografi, matematikk, fysikk, akustikk eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må ha god kunnskap om havstraumar eller atmosfærefysikk, hydrodynamikk, eller undervatnsakustikk.
  • Kandidaten må ha gode programmeringsferdigheiter (FORTRAN, Python eller MATLAB) og være i stand til å utføre modellsimuleringar.
  • Ferdigheiter innan signalbehandling og statistikk for å analysere målte og modellerte støy- og biologiske data, samt modell-observasjonseksperiment er ein føremon.
  • Erfaring med arbeid innan undervatns- eller atmosfærisk støy, overflatebølger i havet, havbiologi og deira måling/modellering er ein føremon.
  • Erfaring med arbeid med strukturelle koder for offshore vindturbinar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV 
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Mostafa Bakhoday Paskyabi (Førsteamanuensis, Geofysisk institutt, Universitet i Bergen, Mostafa.Bakhoday-Paskyabi@uib.no, +4755583735)

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS