Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i marinøkologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år med pliktarbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.-prosjektet er del av ei strategisk satsing hos BIO og Matematisk-naturvitskapleg fakultet med mål om å betre forståinga vår av kystøkosystem, påverking frå menneskeleg aktivitet og marin matproduksjon.
Prosjektet vil fokusere på blåskjel og økologiske koplingar, sett i lys av nyleg forsking i gruppa der vi har studert moglege årsaker til nedgang i blåskjelførekomstar i Nord-Europa. Blåskjel skapar habitat for andre artar og er involvert i eit rikt sett med økologiske koplingar. Blåskjel er også ein god indikator for ulike typar menneskeleg påverknad, er næringsrik og god mat, og er nytta i akvakultur – men for tida med eit tilsynelatande lite utnytta potensiale for miljøvenleg matproduksjon.
Kandidaten vi søker må vere interessert i hypotesedriven zoo-økologi som er godt forankra i økologisk og evolusjonær teori. Forskingsgruppa vår har jobba med ei rekke spørsmål rundt korleis sesongmessige miljø formar økologiske prosessar og evolusjonære tilpassingar. Vi studerer variasjon innom artar og fenotypisk plastisitet, noko som er mest givande når det er mogleg å jobbe med enkeltindivid. Interaksjonar mellom predator og bytte utgjer også ein sentral del i vår forsking. Prosjektet må inkludere studiar i felt, med dataanalyse, og kan i tillegg innehalde eksperimentelt arbeid i laboratoriet eller modellering. Det primære studieområdet må vere vestlandet og lokalitetar i nærleiken av Bergen og prosjektet bør helst gjere seg nytte av naturmiljøet og fasilitetane ved Marinbiologisk stasjon Espegrend. Samanlikningar med andre habitat, for eksempel gradientar i fjordar og langs kysten kan også vurderast. Vi inviterer kandidatar til å foreslå forskingsspørsmål innafor dette tema og mot denne bakgrunnen. Detaljar rundt prosjektet vil avhenge av kven som vert tilsett og prosjektet vert utvikla vidare i lag med vegleiarar etter tilsetjing. Kandidaten vert del av forskingsgruppa Teoretisk Økologi ved BIO.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad (eller tilsvarande utdanning) i biologi eller økologi eller tilsvarande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå eller kompetanse innan zoo-økologi og marin økologi er eit krav.
Erfaring frå gjennomføring av studiar tydleg forankra i teori er ein føremon.
Kompetanse innan kvantitative metodar (inkludert statistikk) er ein føremon.
Kompetanse innan eksperimentell design er ein føremon.
Felterfaring frå studiar av dyr i kystøkosystem er ein føremon.
Erfaring frå publisering av vitskapleg litteratur er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Det er eit krav at søkjarar utviklar ei eiga forskingsskisse som følgjer søknaden. Denne skissa kan vere opp til to sider og innehalde idear til forskingsspørsmål, metodar og studieorgansimar innafor rammene av utlysinga og som søkjaren vil vere interessert i å arbeide med. Desse ideane kan utviklast vidare og i andre retningar etter tilsetjing, men gir ein god indikator på motivasjon og evne til å tenke rundt prosjekttemaet.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
ei skisse til forskingsspørsmål, idear og metodar på maks to sider som skildrar mogleg tema og tilnærmingar for ph.d.-prosjektet, som beskriven ovanfor.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV.
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
eventuelle publikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Øystein Varpe oystein.varpe@uib.no , som vert hovudvegleiar for prosjektet
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.