LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 17.10.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stipendiatstillinga er del av eit større prosjekt I-CRYME: «Impact of CRYosphere Melting on Southern Ocean Ecosystems and biogeochemical cycles». Dette er eit tverrfagleg Antarktisprosjekt i samarbeid med marinbiologi. Stillinga er for ei åremålsperiode på 3 år med høve til eit fjerde år avhengig av om instituttet har behov for hjelp i undervisninga.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet I-CRYME er eit tverrfagleg samarbeid mellom Norsk Polarinstitutt (leder), Universitetet i Bergen (UiB) og fleire andre forskingsinstitusjonar i Noreg, Tyskland (Alfred Wegener Institute), Australia og New Zealand. Hovudhypotesen i prosjektet er at smelting av isbrear, isbremmar og sjøis (kryosfæren) i Sørishavet og Antarktis har stor innverknad på marin biogeokjemi og produktiviteten til økosystemet. For å undersøke denne hypotesen fokuserer vi på området Kong Håkon VII-havet, rett sør for Afrika i Sørishavet, eit område som er lite forska på og der vi har lite måledata frå før av.

Dette doktorgradsprosjekt vil fokusere på isbremvatn (Ice Shelf Water, ISW), havstraumar og karakteristikk like nord for den flytande isbremmen kalla Fimbulisen. Dette er òg staden der den norske forskningsbasen Troll ligg, og nokre av aktivitetane vil vere knytt til dei årlege ekspedisjonane som forsyner basen kvar (Antarktisk) sommar. Doktorgradsprosjektet vil òg fokusera på is-hav interaksjonar framfor isbremmen og under fast sjøis ved hjelp av detaljerte målingar i sjøen og av iskrystallar. Det er utfordrande å påvise underkjølt vatn, fordi iskrystallar kan påverke vassprøver. Vi vil difor nytte høgoppløyselege målingar av iskrystallar og karakteristikk av vasskolonna ved hjelp av avansert teknologi og vi vil nytte nye akustiske sensormetodar. Dette vil verte supplert med prosessorientert modellering som vil gje ein god oversikt over utstrøyming av ISW i området. 

Hovudrettleiar for doktorgraden vil vere professor Lars H. Smedsrud, og medrettleiarar vil vere Kjersti Daae (UiB) og Tore Hattermann (Norsk Polarinstitutt). PhD-kandidaten vil høyre til ved Universitetet i Bergen og arbeide tett med forskarar frå Norsk Polarinstitutt. Det vert forventa at doktorgrads-kandidaten tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på internasjonale møter og konferansar, og er villig til å tilbringe periodar til sjøs og i Tromsø. Ph.d.-kandidaten vil samhandle med tverrfaglege forskarar i I-CRYME prosjektet. Det vert oppmuntra til og tilrettelagt for omfattande samarbeid på tvers av fagområdet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller eit liknande felt. Alternativt kan søkjarar ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Ei god forståing av den fysiske koplinga mellom is og hav er eit krav.
  • Erfaring med prosessar på høge breiddegrader er ein føremon. 
  • Erfaring frå oseanografisk feltarbeid og programmering (Matlab, Python, etc) inkludert analyse av simuleringer og observasjoner er ein føremon. 
  • Grunnleggjande erfaring med, og interesse for, marinbiologi og bio-geo-kjemi er ein føremon. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar og ha gode kommunikasjonsferdigheiter. 
  • Grunnleggjande kunnskap i eit skandinavisk språk er og ein føremon fordi prosjektet har aktiv formidling mot norske vidaregåande skuler.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behovfor undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing (<1 side) om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV 
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar 
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid 
  • kopi av eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Lars H. Smedsrud (Lars.Smedsrud@uib.no), 
  • Førsteamanuensis Kjersti B. Daae (Kjersti.Daae@uib.no) eller 
  • Tore Hattermann (Tore.Hattermann@npolar.no)

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no) 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Alle personar som er kvalifisert til stillinga blir oppmoda om å søkje.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS