LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d. Stipendiat i fiskeimmunologi

Søknadsfrist: 01.11.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i fiskeimmunologi

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fiskeimmunologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og er knytt til forskningsprosjektet «Utvikling av mRNA vaksiner for å bekjempe virussykdommer i Atlantisk laks», finansiert av Norges forskningsråd. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Virussykdommer er like alvorlig for fisk som for mennesker – og det er svært utfordrande å lage effektive vaksiner som beskytt mot virus anten det er til mennesker eller fisk. Oppdrettsfisk er spesielt utsatt på grunn av høg tettleik i merdane. Meir effektive vaksiner enn dei som er tilgjengelige pr i dag, vil kunne redusere dødelighet blant fisken og dermed bidra til fleire av FN’s bærekraftsmål, inkludert mål nr. 2 som er å utrydde sult. I dette PhD prosjektet, skal vi utvikle ein mRNA vaksine til laks. Vi skal skreddarsy vaksinen til laks, optimalisere enkeltkomponentane i vaksinen og undersøkje korleis laksens immunsystem responderer etter vaksinasjon. Ulike metodar som til dømes in vitro transkripsjon, celle – og transfeksjonsarbeid, flow cytometri, immunfarging, kloning, isolering av leukocytter og in vitro smitte, vaksineforsøk og måling av immunresponser ved ELISA og qPCR vil nyttas i dette studiet.

Dette prosjektet bygg på arbeid i Hauglands forskingsgruppe der vi har utarbeida protokoller for å lage mRNA til laks, samt at vi har gjennomført dei første vaksineforsøka med mRNA vaksine. Kandidaten får jobbe i eit travelt og engasjerande forskingsmiljø med postdoktorar, andre PhDer, i tillegg til master- og bachelorstudentar. 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i molekylærbiologi eller fiskehelse, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan fiskeimmunologi er eit krav
  • Bestått forsøksdyrkskurs (Felasa C) er eit krav
  • Erfaring frå eller kompetanse innan molekylærbiologiske metodar er ein krav, 
  • Erfaring frå eller kompetanse innan mRNA teknologi er ein føremon
  • Erfaring frå eller kompetanse innan flow cytometri og immunmerking er ein føremon. 
  • Erfaring frå eller kompetanse innan cellelinjer og transfeksjon er ein føremon.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan vaksinering av laks er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. Prosjektet er tett knytt til fiskerinæringa, og alle møter, samt anna kommunikasjon vil bli gjennomførd på norsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 540 500. (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Gyri Teien Haugland, Institutt for biovitskap, UiB, epost: Gyri.Haugland@uib.no, telefon +4755584445

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS