LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i djuphavsbiologi

Søknadsfrist: 15.10.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i djuphavsbiologi

Ved Institutt for Biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i djuphavsbiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet Worm Forest Ecosystems in Arctic Hydrothermal Vents and Cold Seeps (WormFEST), finansiert av Noregs Forskingsråd. Kandidaten kjem til å høyre til CBE Arctic teamet i forskingsgruppa for djuphavsbiologi og det tverrfaglege Senter for djuphavsforsking (finansiert av Trond Mohn forskingsstifting).

 Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Varme kjelder og kalde gassopkomme er unike djuphavsmiljø med spesialiserte dyresamfunn som trivst i dei utfordrande miljøforhalda. Ein av dei mest karakteristiske kjenneteikna ved Arktiske varme kjelder og kalde gassoppkomme er tette koloniar av børstemakk kalla «makkskogar». Arktiske makkskogar er danna av børstemakk i slektene Sclerolinum og Oligobrachia (i familien Siboglinidae) som har lange, tynne tubar forankra i sediment som utgjer biogene habitat som er bebudd av rike samfunn av evertebratar. WormFEST prosjektet skal studere samfunnsstrukturen, biodiversiteten og økosystemfunksjonane til Arktiske makkskogar. Kandidaten kjem til å samanlikne makkskog-samfunn på tvers av varme kjelder og kalde gassopkomme og utforske økosystemfunksjonane til makkskogane ved hjelp av næringsnett basert på stabile isotopar og analyse av funksjonelle eigenskapar. Som del av forskingsaktivitetane til forskingsgruppa for djuphavsbiologi kan kandidaten få moglegheit til å reise på forskingstokt til den arktiske midthavsryggen. Næringsnett og funksjonelle eigenskapar skal analyserast i samarbeid med forskarar ved Universitetet i Aveiro (Portugal), og det kan bli moglegheit for kandidaten å reise til Aveiro for opplæring i desse metodane.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i marinbiologi, økologi eller liknande fagfelt eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Erfaring frå eller kompetanse innan djuphavsfauna, spesielt kjemosyntesebaserte økosystem (f.eks. varme kjelder og kalde gassoppkomme), er ein føremon.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan rekonstruering av næringsnett ved bruk av stabile isotopar er ein føremon.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan analyse av funksjonelle trekk er ein føremon.
  • Erfaring med eller kompetanse i samfunnsøkologi og økologisk datanalyse, er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Mari H. Eilertsen, forskar, Institutt for Biovitskap, Universitetet i Bergen, mari.eilertsen@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS