Ph.d.- Stipendiat i den tidlege arkeiske terrestriske svovelsyklusen
Søknadsfrist: 05.01.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i den tidlege arkeiske terrestriske svovelsyklusen
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i den tidlege arkeiske terrestriske svovelsyklusen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karirierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for Dyphavsforskning (CDeepSea).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Svovel har vore eit nøkkelelement i å forstå jordas overflateforhold gjennom geologisk tid. Den er bevart i bergarten i både oksidert (sulfat) og redusert (sulfid) form, og atmosfæriske, kjemiske og biologiske redoksreaksjonar gir karakteristiske endringar i stabile svovelisotopforhold som kan sporast i bergartar heilt tilbake til den arkeiske eon. Svovelisotopar har vorte brukte for å spora svovelsykling i arkeiske marine omgivnader, men relativt lite er kjent om kystnære og terrestriske miljø. Svovelisotopar på desse stadene er forventa å betre fanga opp atmosfæriske prosessar så vel som mikrobielle metabolismar under forhøgd tilførsel av næringsstoff frå land, og gi ei viktig samanlikning for arkeiske marine svovelisotopar.
Denne doktorgradsstillinga er dedikert til å auka forståinga vår av den tidlege arkeiske terrestriske svovelsyklusen. Prosjektet vil primært fokusera på prøver frå 3,2 Ga Moodies Group i den Barberton Greenstone Belt, Sør-Afrika, som inneheld silikifiserte sulfatkonkretioner og som har vorte innhenta gjennom vitskaplege boring i ICDP-prosjektet Barberton Archean Surface Environments (BASE). Arbeidet vil omfatta tolking av CT- og µCT-data for å forstå mineralogiske forhold og vekstprosessar i konkretjonene, bulk- og SIMS-analysar av svovelisotopar av sulfat- og sulfidmineral i konkretjonene og omkringliggjande sedimentære bergartar, og integrering av feltobservasjonar og geokjemiske data for å byggja ein heilskapleg modell for svovelsyklusen i tidlege grunne marine til subaeriske omgivnader.
Kandidaten vil bli rettleidd av eit internasjonalt team av forskarar frå Universitetet i Bergen (Dr. Desiree Roerdink, hovudrettleiar), Utrecht University (Prof. Paul Mason) og Naturalis Biodiversity Center (Dr. Mark van Zuilen) i Nederland. I tillegg vil kandidaten bli introdusert for eit stort nettverk av arkeiske forskarar gjennom BASE.
Det er planlagt at noko av arbeidet blir gjennomført i utlandet. Det vil derfor vere behov for å reise i korte periodar i løpet av prosjektperioden for å gjennomføre prosjektet.
Ønska startdato er så snart som mogleg.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, med fordjuping i geokjemi, mineralogi, petrologi eller tilsvarande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.01.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Demonstrert kompetanse innan stabil isotopgeokjemi, til dømes gjennom kurs eller avhandlingsarbeid, er eit krav.
Erfaring med mikroanalytiske teknikkar som SEM og (mikro-)CT-skanning er ein føremon.
Erfaring med arkeiske bergartar, fortrinnsvis sedimentære bergartar, er ein føremon.
Søkjarar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert og vise gode samarbeidsevner.
Søkjarar må beherske engelsk både skriftleg og munnleg i vitskapelege miljø (presentasjonar, publikasjonar).
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ein kort tilleggstekst som beskriv erfaringa di med stabil isotopgeokjemi (t.d. gjennomførte fag/kurs, oppgåvearbeid)
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Desiree Roerdink, Institutt for geovitenskap, UiB, epost: desiree.roerdink@uib.no , +47 55 58 38 59 eller
Førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen (Direktør Senter for Djuphavsforskning), Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: steffen.jorgensen@uib.no, telefon: +47 55 58 38 60
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, epost: Mathilde.Hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.