LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i datadrevet berekningsmekanikk for vindenergi til havs

Søknadsfrist: 07.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning), og vil dekkja ein viktig del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. Stillinga er knytt til prosjekt ERC Consolidator Grant Data-Driven Approaches in Computational Mechanics for the Aerohydroelastic Analysis of Offshore Wind Turbines - DATA-DRIVEN OFFSHORE.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Vindkraft til havs er avgjerande for å oppnå måla til The European Green Deal. Sjølv om offshore vindkraft er eit felt som har hatt ei stor vekst og utvikling, krev teknologien eit paradigmeskifte for å sikra ei berekraftig utvikling dei neste åra. Ein veg for å oppnå dette paradigmeskiftet er fokusert på utviklinga av datadriven berekningsmekanikk. Forskingsaktivitetane knytt til denne stillinga følger utviklinga av datadrevet berekningsmekanikk som seinare vil bli brukt til aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar. Denne nye tilnærminga gjer det mogleg å inkludera eksperimentelle data i simuleringa av systemet. Dei vanlege likningane må bli justert slik at ein kan finne alternativ til turbinbelastning, grenseføresetnadar og materialmodellar gjennom eksperimentelle data. Forskinga knytt til stillinga har og som mål å ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø innan BOW og GFI. Det er forventa at resultatet av denne forskinga vil bli publisert i høgt rangerte tidsskrift.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, matematikk, fysikk eller ingeniørvitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ferdigheiter i programmering (f. eks. Fortran, C++ eller Python) er eit krav.
  • Erfaring med «finite element» metode (FEM) og «boundary element» metode (BEM) er ein føremon.
  • Erfaring frå enten vitskapeleg berekning eller numerisk optimalisering er ein føremon.
  • Erfaring frå «non-supervised machine learning» er òg ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar tilstillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse gode velferdsordningar
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar.
  • Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.08.2024.
  • relevante attestar. godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar.
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Cristian G. Gebhardt, Geofysikk institutt og Bergen Offshore Wind Centre, e-post: Cristian.Gebhardt@uib.no, tel.: +47 55 58 26 23

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand, e-post: maria.svasandt@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS