LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i berekningsbiologi

Søknadsfrist: 04.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i berekningsbiologi

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i berekningsbiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med moglegheit for eit 4. år med karrierefremmande arbeid (til dømes undervisningsoppgåver ved instituttet). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den suksessrike kandidaten vil vere involvert i å utvikle ensemble-læringsstrategiar for celletypedekonvolusjon for å forbetre prestasjonen og gi feilestimat. Dette inkluderer både implementering av epistemiske usikkerheiter (modellusikkerheiter) og aleatorisk usikkerheit (stokastiske feil frå måleprosessen). Vidare utforsking av adversarial-læringsstrategiar for ensemble-generering, for å gi ei "out-of-the-box"-løysing for celletypedekonvolusjon som gir feilestimat, er planlagt.

I det overordna NFR-prosjektet blir det òg utvikla algoritmar for celletypedekonvolusjon på spatial transkriptomikkdata. Desse algoritmane, samt dei for feilprediksjonar, skal implementerast i den eksisterande Deconomix-programvarepakken og GUI-applikasjonen. Dette skal gjere algoritmane tilgjengelege og gjenbrukbare for både ekspertbioinformatikarar og våtlabbbiologar med lite programmeringskunnskap.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, matematikk, berekningsbiologi, informatikk eller liknande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.09.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan front- og back-end-utvikling i Python er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan matematisk modellutvikling for dekonvolusjonsmodellar er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan arbeid med biologisk data er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan arbeid med høgdimensjonale biologiske data frå enkeltcelle-RNASeq og spatial transkriptomikkdata er ein fordel.
  • Erfaring med rettleidde og ikkje-rettleidde læringsstrategiar er ein fordel.
  • Erfaring med celletypespesifikke interaksjonar er ein fordel.
  • Erfaring med andre programmeringsspråk enn Python er ein fordel.
  • Statistisk kunnskap (overlevingsanalysar, lineær regresjon, etc.) er ein fordel.
  • Arbeidserfaring i tverrfaglege team (t.d. innan medisin) er ein fordel.
  • Erfaring med arbeid med kreftdata er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga 

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli brukt ved behandling av søknadane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: 

Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling eller forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. 

Om forskarutdanninga: 

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • Løn som ph.d.-stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV 
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden, må du levere ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. 
  • Relevante attestar 
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller + 47 55 58 47 70.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Franziska Görtler (Dr.), + 47 461 25 456, Franziska.Gortler@uib.no
  • Sushma Grellscheid (Dr.), Sushma.Grellscheid@uib.no
Powered by Labrador CMS