LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i anvendt og beregningsorientert matematikk

Søknadsfrist: 30.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i anvendt og beregningsorientert matematikk

Ved matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt og beregningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til gigaCCS, som er et senter for forsking på milljøvennlig energi finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert ansatt vil ta del i å utvikle verktøy for å modellere og simulere storskala lagring av CO2. Konkret vil dette PhD prosjektet utvikle den teoretiske bakgrunnen, med tilhøyrande numeriske og reknemetodar, for poroelastiske effektar på bassengskala, som slik omfattar lagring av CO2 i fleire felt. Moglege tema for oppgåva er oppskalering, homogenisering og analyse av numeriske metodar. Vidare kan kandidaten få i oppgåve å implementere relevante numeriske metodar i moderne simuleringsverktøy, basert på open kildekode. Metodane som vert utvikla vil bli brukt i simuleringar som er relevante for lagring i Nordsjøen. 

Om gigaCCS og Matematisk institutt ved UiB

gigaCCS er eit norsk forskningssenter for fangst og lagring av CO2. Senteret er leia av SINTEF Energy Research og har om lag 40 partnarar frå industri, forskningsinstitutt og akademia. gigaCCS har offisiell oppstart 11. mars, og vil vara i 8 år. PhD-prosjektet vil ta del i aktiviteten i senteret, særleg i arbeidspakke WP 3.1 – Oppskalering av regional lagring.

Denne PhD-stillinga er knytt til gruppa for porøse media ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen. Denne gruppa har fem professorar, tre fast tilsette forskarar og normalt sett omkring 10 PhD studentar. Gruppa forskar i hovudsak utrekningsmetodar for prosessar knytt til porøse materialar, med særskild vekt på geologiske medier.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk, utrekningsvitskap («scientific computing»), utrekningsorientert fysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 30.03.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Sterk kompetanse innan anvendt og utrekningsorientert matematikk, samt relatert programmering, er eit krav.
  • Erfaring med partielle differensiallikningar og relaterte diskretiseringsmetodar ein fordel.
  • Erfaring med matematikk for flyt i porøse media er ein fordel.
  • Erfaring med matematikk for solid og bergmekanikk er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. 

Tilsetjingsperioden kan bli korta ned dersom du tidlegare har vore tilsett i ei kvalifiserande stilling (t.d. stipendiat, forskingsassistent).

 Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jf. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Magnus Skogstad, magnus.skogstad@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS