Flere stillinger innen juridiske fag:
Ikke noe innhold
Du leter kanskje etter...
LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Søknadsfrist: 01.09.2022
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ved Det juridiske fakultet er det inntil fire ledige stipendiatstillingar.
Normal åremålsperiode for stillinga er fire år med 25 prosent pliktarbeid. Avgjerda av om det skal leggjast til eitt år med pliktarbeid i form av undervisning, skal treffast innan seks månader. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB. Åremålsperiode med pliktarbeid blir vurdert særskilt etter søkjaren sine kvalifikasjonar.
Om stipendiatstillinga
Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.
Prosjektskildringa bør vere på ca. 10 sider, og ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektet skal enten ta opp relevante problemstillingar for norske rettsforhold (inkludert komparative analyser) eller internasjonale spørsmål av betydning for fleire europeiske land. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling.
Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d-grad innanfor ei tidsramme på tre år.
I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program. Fakultetet nemner opp ein rettleiar for kandidaten etter tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.
Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».
Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling som du finn på denne nettsida.
Nærare om tilsettingsprosessen her.