LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

3 stipendiatstillingar i lingvistikk, nordisk språkvitskap eller norsk som andrespråk

Søknadsfrist: 02.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig 3 stipendiatstillingar. Planlagt oppstart er 1. april 2022, eller etter avtale. Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år.

Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 35 ph.d.-stipendiatar, 10 postdoktorar, og femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Om prosjektet:

Stillingane er opne for søkjarar innanfor faga lingvistikk, nordisk (inkludert norrøn) språkvitskap og norsk som andrespråk. Søkjaren definerer sjølv prosjektet sitt innan ein av dei tre nemnde disiplinane. Fagdidaktiske og/eller tverrfaglege prosjekt er òg velkomne.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar blir vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet (Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet).

Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Søkjarar må ha etablert kontakt med ein rettleiar som er fast tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og søknaden må innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren.

Ta kontakt med:

  • Instituttleiar Anders Fagerjord, e-post anders.fagerjord@uib.no eller tlf. +47 55 58 36 53 ved behov, eller med
  • Forskingskoordinator Pär Sandin, e-post Par.Sandin@uib.no eller tlf. +47 55 58 24 41

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vert lagt stor vekt på at søkjarane er motiverte og personleg eigna for stillinga.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje. Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen (Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet).

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på 490 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåve/hovudfagsoppgåva (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider, bibliografi ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som samanfattar prosjektet.
    • Forskingsbakgrunn. Korleis plasserer prosjektet seg i denne, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar
    • Teoretisk tilnærming og metodologi
    • Tidsplan
    • Litteraturliste
  • Stadfesting frå hovudrettleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkje «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller
  • Administrasjonssjef Siri Fredrikson, +47 55 58 22 95, e-post Siri.Fredrikson@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS