LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

1 stipendiatstilling om bruk av kunstig intelligens (KI) som støtte for forvaltningsvedtak

Søknadsfrist: 30.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Ved Det juridiske fakultet i Bergen er det ledig ei ph.d.-stilling på prosjektet LEXplain som er finansiert av Norges Forskningsråd. Du kan lese meir om prosjektet her.

Prosjektet skal utforske moglegheiter for og avgrensingar ved bruk av KI til å treffe juridiske avgjerder i den offentlege forvaltninga. Det at verkemåten til KI ikkje er fullt ut forståeleg for vanlege brukarar eller ekspertar, skaper eit problem i høve til grunngjevingsplikta til offentlege styresmakter når dei treff avgjerder om borgarane sine rettar og plikter. Dersom teknologien som blir nytta i saksbehandlinga ikkje støttar krava til grunngjeving, kan han ikkje nyttast på ein måte som er betryggande i ein rettsstat. LEXplain skal undersøkje om og korleis KI-teknologi kan tilpassast den juridiske saksbehandlinga på ein måte som sikrar krava til grunngjeving.

Prosjektet er eit samarbeid mellom juristar og teknologar frå Danmark og Norge og inneberer eit samarbeid med skatte- og velferdsmyndigheitar i begge land. Som stipendiat i prosjektet blir du del i ei prosjektgruppe med internasjonale samarbeidspartnarar og får høve til forskingsopphald ved Københavns universitet. 

Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. 

Tiltreding 4. august 2025 eller seinare etter avtale.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget
  • Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk (eller eit anna skandinavisk språk), så vel munnleg som skriftleg. Dei språklege kunnskapane må vere på eit slikt nivå at du kan analysere forvaltningsvedtak og andre rettskjelder som er på norsk.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Til søknaden skal det leggjast ved ei prosjektskildring som dannar utgangspunktet for doktorgradsarbeidet. Skildringa bør vere på omlag 10 sider. Skildringa må ta utgangspunkt i målsetjinga for LEXplain-prosjektet og relatere seg til ein eller fleire av dei tre overlappande forskingsstraumane (research streams) som skal utforskast i prosjektet (sjå nettsida). Dei tre straumane omfattar 1) utviklingstrekk og differensiering i krav til grunngjeving, 2) krava som må stillast til avgjerdsstrukturar som integrerer bruk av kunstig intelligens og 3) utfordringar ved implementering av nye avgjerdsstrukturar og utvikling av nye arbeidsprosessar i forvaltninga. Skildringa kan vere på norsk, dansk eller engelsk og må dokumentere gode forkunnskapar om kravet til grunngjeving av einskildvedtak i norsk/dansk rett.

Rettleiing for utforming av prosjektskisse for ph.d.-stilling i LEXplain finn du her.

Prosjektskildringa skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga og elles oppfylle dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling

Du kan få nærare rettleiing om utforming av prosjektskildringa for stillinga ved å vende deg til prosjektleiarane ved UiB, Ragna Aarli, ragna.aarli@uib.no eller Synne Sæther Mæhle synne.mahle@uib.no.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år.

I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program. Fakultetet nemner opp ein rettleiar for kandidaten etter tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn i spennet mellom kr 541 800 og kr 575 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Prosjektskildring
  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at masteroppgåva er levert, samt relevante attestar
  • Masteroppgåva og eventuelle andre vitskapelege arbeid
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Søkjarar med utdanning utanfor Skandinavia må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering
  • Søkjarar med utdanning utanfor Skandinavia må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemål, karakterutskriftar og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka
  • Søkjarar som har sin utdanning utanfor Skandinavia vil få sin utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
  • All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Fakultetet gjev inga vurdering av søknadene på førehand.

Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillinga».

Generell informasjon:

Dei best kvalifiserte søkjarane kan bli kalla inn til intervju.

For nærare opplysningar om rekrutteringsprosessen og tilsetjingsvilkår kan du vende deg til hrjur@uib.no. For nærare opplysningar om forskarutdanninga og det å vere stipendiat ved Det juridiske fakultet kan du vende deg til prodekan for forsking Ragna Aarli, ragna.aarli@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS