Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet
Søknadsfrist: 18.05.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Seniorkonsulent (studieadministrasjon)
Ein av Norges mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar.
Bli ein del av vårt tverrfaglege studieadministrative miljø som jobbar for å utdanne framtidas juristar! Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med utviklingsmoglegheiter.
I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorkonsulent.
Du blir del av eit engasjert og kompetent team som legg til rette for eit godt studieløp for studentane og bidrar til å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Vi er stolte av studiet fakultetet tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber eit breitt spekter av studieadministrative oppgåver, til dømes
Administrative oppgåver som støttar undervisningsaktivitetar for studentar og undervisarar
Koordineringsarbeid knytt til eksamenar og sensur
Saksbehandling av ulike typar studiesakar
Studentinformasjon
Denne stillinga er ideell for deg som er fleksibel og trivst med variasjon. Du må kunne skifte fokus raskt, handtere endringar, halde hovudet kaldt i hektiske periodar, og samstundes jobbe effektivt og nøyaktig. Vi ønskjer ein person som kan ta initiativ til forbetringar og bidra positivt og motiverande i både det faglege og det sosiale fellesskapet.
Som følgje av implementering av ny studieordning kan det bli endringar i arbeidsoppgåvene, men vi vil så langt det er mogleg tilpasse arbeidsoppgåver og ansvarsområde til din kompetanse og interessefelt. Alle tilsette i administrasjonen må, i tillegg til spesifikke funksjonar som ligg til stillinga, ivareta andre administrative oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du har
mastergrad. Bachelorgrad saman med lang, relevant administrativ erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande mastergrad. Kandidatar frå alle fagområde blir oppmoda til å søkje, og du treng ikkje ha juridiske emne i graden
erfaring frå studieadministrativt arbeid, og anna administrativt arbeid som t.d. relevant saksbehandling og prosjektarbeid er ein føremon. Har du erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan dette også vere relevant
generelt god IT-kompetanse
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du er
ein gjennomførar som evnar å arbeide sjølvstendig, og tar initiativ
lærevillig, analytisk og effektiv
fleksibel, omstillingsdyktig, ansvarsbevisst og sjølvgåande
god til å prioritere, og trivst med å drive fram og halde orden på fleire parallelle prosessar
en lagspelar med forståing for heilskapen
dyktig til å formulere deg både skriftleg og munnleg på norsk (begge målformer) og engelsk
Vi legg særskild vekt på personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga.
Vi kan tilby:
Sjølvstendig ansvar og varierte og utfordrande oppgåver
Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 586 100 - 630 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.