Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i geofagdidaktikk / pedagogikk

Søknadsfrist: 22.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i geofagdidaktikk/pedagogikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der 25% av stillinga er pliktarbeid (til dømes undervisning).

Geofysisk institutt er eit internasjonalt anerkjent fagmiljø innan områda hav- , vêr- og klimaforsking. Geofysisk institutt driv undervisning og forsking innan meteorologi, klima, fysisk og kjemisk oseanografi og fornybar energi. Instituttet sin forskingsstrategi er basert på bruk av moderne «state of the art observasjonar» i kombinasjon med teoretiske studiar og modellering. Instituttet har 19 faste vitskapelege stillingar og 25 tekniske og administrative stillingar. I tillegg har instituttet i dag 19 tilsette i bistillingar, og om lag 80 doktorgrads-stipendiatar, postdoktorar og forskarar. Geofysisk institutt har eit nært samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking.

Utdanning er saman med forsking Geofysisk institutt si viktigaste oppgåve. Vi ynskjer å samkøyra undervisningsaktivitetane meir med forskingsfronten gjennom å nytte moderne teknologi og metodikk i heile læreplanen. I 2020 fekk Geofysisk institutt og Institutt for geovitskap ved UiB status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor meir og meir på å implementere studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar.

SFU iEarth jobber med forskingsbasert undervisning, utvikling av samarbeid med studentar innafor ein «students as partners»-tenking, Scholarship of Teaching and Learning (SoTL) tilnærmingar i undervisninga, og ei utdanning med fokus på systemtenking og FN sine berekraftsmål. Denne stillinga er ei av fem stillingar som er knytt til iEarth.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjekttittel: Motivasjon, behov og relevans: matematikk og programmering i geofagutdanninga

Matematikk og programmering er viktige reiskap i moderne studiar av jordsystemet, men kan òg utgjere barrierar i studieprogresjonen til studentane. Basert på studentintervju og utprøving av ulike undervisningsmetodar, vil ph.d.-kandidaten studere korleis problembasert læring kan påverke studentane sin motivasjon, og kva designprinsipp for aktiv læring som kan auke studentane si forståing for at matematikk og programmering er relevante modular i studieprogrammet.

Geovitskapleg undervisning er ein hjørnestein i det norske samfunnet, og underbygger Noreg sine energi- og ressursindustriar, samt ein nøkkel for samfunnet si utvikling og miljøsikkerheit. iEarth er eit nasjonalt konsortium som har som mål å transformere den geovitskaplege utdanninga i Noreg. Dette skal gjerast saman med studentane og saman med partnarar frå næringsliv og offentlege institusjonar. Måla i iEarth er til dømes: lage studieprogram inn mot viktige samfunnsutfordringar (t.d. klima, energi, geofarer, miljø og ressursar), implementere meir studentaktive læringsformer i undervisninga, utvikle praktiske undervisingsformer (laboratorium og felt) og knyte det tettare til klasseromsundrevisinga, etablere praksisordningar med partnarar osv.

Ein pillar i iEarth er å lage eit pedagogisk akademi som skal forske på dei endringane vi har foreslått vi skal gjere gjennom iEarth sin senterperiode. Dette vil bestå av totalt 5 ph.d.-studentar, 1 post doktor og fleire fyrsteamanuensis og professorar med pedagogisk, didaktisk og geovitskapleg bakgrunn. Denne gruppa vil sitje spreidd i Noreg men ein vil heilt frå starten av etablere dette som ei forskargruppe med jamleg kontakt ved bruk av videomøter. Kvart av dei utlyste ph.d.-prosjekta vil ha eit rettleiarteam med deltakarar frå både institusjonen og frå det pedagogiske akademiet.

Øvrige ph.d.-prosjekt i iEarth:

  • Capturing a complex curriculum: cyber-infrastructure as a catalyst of co-creation

Tilsetjingsstad: Institutt for geovitskap, UiB

  • Geofagstudentar som partnere i høgare utdanning

Tilsetjingsstad: Institutt for geofag, UiO

  • Næringslivssamarbeid og studenter som partnere

Tilsetjingsstad: Institutt for geovitskap ved UiT – Norges arktiske universitet

  • Nytten av digitale verktøy innenfor geovitenskapelig undervisning

Tilsetjingsstad: Avdeling for arktisk geologi, UNIS

Les meir om desse prosjekta her: https://iearth.no/om-iearth/bli-phd-i-iearth/

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan matematikk, geofysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk, og/eller didaktikk/pedagogikk med fokus på desse, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det krevst gode ferdigheiter innan matematikk og programmering (for eksempel Python eller Matlab) som er relevant for geofagutdanninga.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og vilje til å samarbeide med andre i prosjektgruppa.
  • Erfaring frå geofagdidaktikk, matematikkdidaktikk, eller generell realfagdidaktikk er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må meistre norsk eller eit skandinavisk språk, munnleg og skriftleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Curriculum Vitae (CV)
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Harald Sodemann, Geofysisk Institutt (harald.sodemann@uib.no),
  • Førsteamanuensis Kjersti Daae, Geofysisk Institutt (kjersti.daae@uib.no), eller
  • iEarth senterleder Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap (jostein.bakke@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS