LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE

Rådgjevar - Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Søknadsfrist: 08.04.2026

USN er universitet nær deg. Her jobbar vi saman for å finne løysingar. For lokalsamfunnet, verda og alle oss som bur her. På campusane våre frå fjord til fjell vil du jobbe i nærleiken av heimstaden din på søraust-landet. Her gjer du ein meiningsfull jobb blant yrande studentliv og innovative forskingsmiljø. Du får ein arbeidsplass som er tett på dei store samfunnsutfordringane – og samtidig nær løysingane på dei. Eit arbeid vi gyv laus på med våre aller beste verkemiddel: utdanning og forsking.

Vi tilbyr profesjonsorienterte og arbeidslivsretta utdanningar, forsking og kunnskapsformidling med høg internasjonal kvalitet. Som tilsett får fordjupe deg i ditt eige felt, samtidig som du har tilgang til ein buffet av moglegheiter for utvikling og læring.

Gjennom dei offisielle kanalane – og gjennom eit nettverk av kunnskapsrike og rause kollegaer som kan mykje om mangt. USN er resultatet av fusjonar mellom tidlegare høgskular. Høgskulen i Søraust-Noreg vart danna 1. januar 2016 då Høyskolen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høyskolen i Telemark. Høgskulen fekk universitetsstatus i 2018. Rektoren vår heiter Pia Cecilie Bing-Jonsson.

Les meir om korleis det er å jobbe på Universitetet i Søraust-Noreg.

Ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk er det frå 01.07.2026. ledig fast 50% stilling som Rådgjevar

Om stillinga

Ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk er det frå 01.07.2026. ledig fast stilling som rådgjevar.

Stillinga er knytt til Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, og næraste overordna er instituttleiar. Hovudarbeidsstad er p.t. Campus Rauland.

Om instituttet og campus Rauland 

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk er lokalisert i Rauland og har utdanningstilbod innan tradisjonskunst, folkedans og folkemusikk. Sjølv om miljøet vårt er relativt lite, er vi ein betydeleg aktør innan fagfelta våre. Dei tilsette ved instituttet har høg vitskapleg, praktisk-kunstnarleg og handverksmessig kompetanse og representerer eit leiande fagmiljø innan praksisbasert folkemusikkforsking.

Instituttet tilbyr årsstudium og bachelorprogram innan folkemusikk, folkedans og tradisjonskunst med fordjuping i tre, metall eller tekstilhandverk, samt eit overordna masterprogram i tradisjonskunst og folkemusikk. Instituttet har òg fleire vidareutdanningar og kortare studietilbod. Alle studieprogramma som vert tilbydde ved instituttet, har ein praktisk og utøvande profil. Knytt til instituttet er òg forskingsgruppa Praksis, Tradisjon og Teknologi som driv ei rekkje prosjekt og enkeltstudiar innan tradisjonskunst- og folkemusikkforsking.

Campus Rauland er eitt av universitetet sine åtte campusar og er omgjeve av vakker og allsidig natur med gode og varierte fritidsmoglegheiter. Campus Rauland er ein liten og kompakt campus der både tilsette og studentar jobbar tett saman og vert godt kjende. Campus Rauland er kjend for eit studentmiljø fylt med lidenskap og inspirasjon, og har fleire år på rad vorte rangert som det beste studentmiljøet i Noreg.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Arbeid med Vinterfestivalen, Folkemusikkscena og andre arrangement på Campus Rauland
  • Utviklingsarbeid knyttet til nye studier og kurs i samarbeid med fagmiljøet og nasjonale aktører
  • Fagadministrativt arbeid knyttet til prosjekt og aktivitet på instituttet og campus
  • Sakshandsaming og kommunikasjon inn mot servicetorg, eksamen, opptak og andre fellestjenester som ikke er på campus
  • Markedsføring og synliggjøring av studier og aktivitet på campus
  • Søke eksterne midler og gjennom dette øke aktivitet på instituttet og campus

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskole på masternivå
  • God kjennskap til instituttets fagfelt og nettverk
  • Relevant saksbehandlarerfaring
  • Gode IT-kunnskapar 
  • Erfaring med økonomi og søknadsarbeid
  • Erfaring frå arrangementleiing og festivalleiing 
  • Erfaring med å utvikle og drifte kurs innen tradisjonskunst og/eller folkemusikk
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Det vil bli lagt vekt på

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Motivasjon og initiativ
  • At ein er fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å prioritere i periodar med stort arbeidspress
  • Det blir lagt vekt på om ein er personleg eigna for stillinga 

Vi tilbyr

  • Gode vilkår for kompetanse- og karriereutvikling.
  • Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Godar og fordelar for tilsette, m.a. høve til trening i arbeidstida.

Løn

Stillingen ligger i koden rådgjevar (kode 1434): og lønnes fra kr 557 100 – 692 400.

Lønsplassering etter kvalifikasjonar og kompetanse. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsettinga skjer på dei vilkåra som gjeld til kvar tid for tilsette i staten, og etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju. Dei som blir kalla inn, vert bedne om å ta med kopi av attestar og vitnemål.

Tilsettingsutvalet for teknisk-administrative stillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg er tilsettingsorgan.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lovar, føresegner og avtalar som gjeld for stillinga til kvar tid.

Universitetet i Søraust-Noreg ønskjer at medarbeidarane våre så langt det er råd skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke stilling hos oss. Me arbeider for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass, og vil legge tilhøva til rette for dei som har behov for tilrettelegging av arbeidsplassen. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke arbeid hos oss.

[Ev oppmoding til det eine kjønnet om å søke stillinga]

I samsvar med offentleglovas § 25 2. leden kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil bli varsla dersom slikt ønske ikkje blir tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

For opplysningar om stillinga:

  • Andrea Kasbo Rygh, epost/tlf:andrea.k.rygh@usn.no / 97096524

For opplysningar om søknadsprosessen:

  • Personalrådgiver Karianne Wolff-Sørensen Wiken, epost: karianne.w.wiken@usn.no

Slik søker du

Universitetet i Søraust-Noreg nyttar elektronisk søknadsbehandling. Søkarar til stillinga må registrere søknaden sin og CV med vedlegg elektronisk via rekrutteringsportalen Jobbnorge ved å klikke på knappen ”Søk stillinga”.

Her kan du lese meir om søknadsprosessen for teknisk-administrative stillinger ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Vi gjer merksam på at alle dokument må vere på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Eventuelle omsettingar må vere attesterte.

Har du høyere utdanning fra utlandet må den godkjennes av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Du må ha sendt inn søknad for godkjenning innen søknadsfristen til denne stillingen utløper. Legg ved kvittering på søknad eller vedtak når du søker. Godkjenningen må ettersendes og er en forutsetning for ansettelse.

Det er søkarens eige ansvar å syte for at all etterspurd dokumentasjon har blitt lasta opp til søknaden innan utløpet av søknadsfristen.

Søk stillinga

Spørsmål om stillinga

  • Karianne Wolff-Sørensen Wiken (Personalrådgiver), karianne.w.wiken@usn.no
  • Andrea Kasbo Rygh (Instituttleder), +4797096524, andrea.k.rygh@usn.no
Powered by Labrador CMS