LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Totaløkonom – rådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 20.07.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Totaløkonom – rådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Velkomen som søkjar til ei fast stilling som totaløkonom ved Det humanistiske fakultet. Vi treng ein dyktig og motivert medarbeidar til økonomistyring på instituttnivå så snart som råd. 

Det humanistiske fakultetet har sju einingar: fire institutt, to sentre og fakultetsadministrasjonen. Fakultetet har ei stor bredde av undervisnings- og forskingsmiljø. Den nye totaløkonomen vert ein del av Seksjon for økonomi, som har ni tilsette og er ein del av fakultetsadministrasjonen. Økonomiseksjonen har ansvar for budsjettering og rapportering for både grunnløyving og eksternfinansiert verksemd ved fakultetet. Ein totaløkonom hjå oss arbeider primært med overordna økonomistyring og «controller»-oppgåver for fleire institutt. Den viktigaste oppgåva er å støtte leiinga i økonomiarbeidet ved dei einingane ein får ansvar for.

I dag nyttar UiB økonomisystema til DFØ: Unit4 ERP for økonomistyring og SAP som løns- og personalsystem. I framtida står vi kanskje ovanfor spanande utfordringar og ein mogeleg revolusjon knytt til bruk av kunstig intelligens (KI) også i økonomifunksjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide budsjett og prognosar.
  • Økonomirapportering til styringsorgan (t.d. instituttråd/senterstyre).
  • Månadleg rapportering til instituttleiinga og tilsette.
  • Gje råd til leiinga om utviklinga i totaløkonomien, inkludert bidrags- og oppdragsinntekter og deira verknad på grunnløyvinga. Peike på risikomoment og mogelege løysingar.
  • Attestere innkjøpsrekvisisjonar og fakturaer i Unit4.
  • Følgje opp rekneskapstransaksjonar.
  • Utvikle modellar og analysere lønsemd eller økonomisk berekraft, mellom anna for etter- og vidareutdanning og leigestadar.
  • Bidra til utvikling av interne rutinar og prosessar.
  • Vere innkjøpar for fakultetsadministrasjonen etter behov.
  • Bidra til andre oppgåver som seksjonen har ansvar for.

Det kan bli gjort endringar i arbeidsoppgåvene i stillinga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter deg som har:

  • Mastergrad i økonomiske fag. Lang, relevant erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå økonomiarbeid er naudsynt.
  • Praksis innan økonomistyring er ein føremon.
  • God forståing for tal og økonomi, med naudsynt presisjon i arbeidet.
  • Brei røynsle i bruk av Excel og relevant digital kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Innsikt i statens økonomireglement knytt til budsjettering, oppfølging, og effektivitetskrav er ein føremon.

Vi ynskjer at du er:

  • Motivert for arbeidsoppgåvene. 
  • Serviceinnstilt og tar initiativ.
  • Sjølvstendig og med god gjennomføringsevne.
  • God på samarbeid og kommunikasjon.
  • Analytisk, lærevillig og løysingsorientert.
  • Strukturert og effektiv.
  • I stand til å handtere kompleksitet og detaljar utan å misse overblikket.
  • Ein som bidreg positivt til det faglege og sosiale fellesskapet.

I vurderinga av søkjarane blir det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei årsløn mellom kr 635 000 og kr 745 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
  • Ei stor kontaktflate i organisasjonen.
  • Erfarne kollegaer som deler kunnskap.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. 

Søknad skal innehalde: 

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål og karakterutskrifter. 
  • Attestar.
  • Kontaktinformasjon til tre referansepersonar (namn, telefonnummer, e-post adresse og tilknyting til søkjar). 

Når du søkjer på stillinga, ber vi deg om å hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, ber vi deg om å laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Originale vitnemål og attestar må visast ved eit eventuelt intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon:

Nærare informasjon om stillinga får du frå seksjonsleiar Annhild Fetveit, telefon: +47 55 58 93 86 eller e-post: annhild.fetveit@uib.no eller fakadm@hf.uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

SØK STILLINGA

Spørsmål om stillinga

  • Annhild Fetveit (Seksjonsleiar), +47 55 58 93 86, annhild.fetveit@uib.no
Powered by Labrador CMS