LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar ved Holbergprisen

Søknadsfrist: 14.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Holbergprisens sekretariat har ansvar for dei tre prisane og arrangementa knytt til desse. Sekretariatet består i dag av fem administrative og ei fagleg stilling. For meir informasjon om Holbergprisen sjå: holbergprize.org.


Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret.

Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Holbergprisen i skolen søkjer rådgjevar

Velkommen som søkjar til Holbergprisens sekretariat, til ei fast stilling som rådgjevar. Mogleg med snarleg tilsetting eller innan 1. august.

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen.

Stillinga er primært knytt til Holbergprisen i skolen (HiS), som er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. HiS arbeider for å fremme faga innafor humaniora og samfunnsvitskap og lar elevane gjere sine eigne forskingsarbeid som ein del av undervisninga. 20 skular og kring 1000 elevar frå heile landet deltek årleg. Elevane skal gjennom eit eige forskingsarbeid lære seg fagkunnskap, metodikk og utvikle kritisk og etisk refleksjon.

Vi søkjer no ein rådgjevar som kan vere med å vidareutvikle og styrkje vårt arbeid i åra som kjem. Som rådgjevar vil du besøke og følgje opp elevar og lærarar gjennom forskingsprosessen, og også rådgje forskaren kvar skule får tildelt. Ein sentral del av arbeidet vil vere å utvikle forskingsressursar og arrangement. Du vil og ha ansvar for å drive samarbeid med relevante aktørar både i UH-sektor og skuleverket.

Vi søkjer ein person som er engasjert i undervisning, utdanningspolitikk og forskingsarbeid. Stillinga vil ha eit stort ansvar for formidlingsarbeid, og du må difor har svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter, både på engelsk og norsk. Stillinga har høy grad av sjølvstende og fleksibilitet, men vil arbeide tett saman med kollegar i Holbergprisen.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga krev stor grad av sjølvstende. Dei kan til ei viss grad tilpassast kandidaten sin kompetanse og erfaring.

Arbeidsoppgåvene inkluderer:

  • Rådgjeving og oppfølging av elevar, lærarar og forskarkontaktar som deltek i prosjektet, inkludert besøk til deltakarskular over heile landet
  • Utvikling av undervisningsopplegg, forskingsressursar og annet fagmateriell som skal nyttas av deltakande elevar og lærarar
  • Formidling og informasjonsarbeid av våre aktivitetar og resultat, med mål om å bli synlegare ovanfor dei vidaregåande skulane, fylkeskommunar, andre samarbeidspartnarar og eit ålment publikum
  • Fagpolitisk arbeid opp mot forvaltning, fagorgana og andre aktørar
  • Ansvar for å vidareutvikle innhald til nettstad, produsere innhald til sosiale medium, og anna tekstarbeid knytt til HiS
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement, samt halde faglege innlegg.
  • Ta del i andre administrative oppgåver i sekretariatet si daglege drift, til dømes utferding av styresaker og rapportar, bestillingar og utbetaling av honorar samt bidra til innhaldsproduksjon knytt til andre aktivitetar i sekretariatet
  • Noko reising må påreknas

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum mastergradsnivå. Langvarig, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • Erfaring frå skulesektoren, pedagogisk kompetanse og kjennskap til læreplanverket er ønskjeleg
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse og erfaring med nettpublisering
  • Evne til å ta initiativ, vere fleksibel, handtere mange oppgåver samstundes, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig, og vere ein god lagspelar i en liten organisasjon
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Hyggeleg arbeidsplass med trivelege kollegaer i ein dynamisk og fagleg interessant organisasjon med moglegheit for fagleg utvikling
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434), i årsløn frå kr. 590 000 - 650 000 etter avtale avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Administrativ leiar for Holbergprisens sekretariat, Ellen Ingeborg Hætta, på tlf: 988 01 001 / e-post ellen.haetta@uib.no, eller
  • Rådgjevar Hilde Omdalsmoen Fidje, tlf. 997 23 930 / e-post hilde.fidje@uib.no

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan endras etter behov på Holbergprisens sekretariat.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS