LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 04.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Klinisk institutt 1

Er du vår nye rådgjevar for forskarutdanning? Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 (K1), er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (100 %) i instituttadministrasjonen med tilsetjing frå mars-april 2024. Stillinga er omtala som ph.d.-koordinator, og dette er en særs viktig stilling for instituttet og fakultetet. Som vår ph.d.-koordinator vil du bli ein del av K1 sin administrasjon, og du vil ha arbeidsplass i Laboratoriebygget på Campus Haukeland.

Klinisk institutt 1 har om lag 250 tilsette, og vi har stor forskingsaktivitet. K1 vektlegg forsking som tar utgangspunkt i kliniske problemstillingar, og kombinerer dette med grunnleggande laboratorie- og registerbasert forsking, og forsking knytt til biletedannande analyser. Instituttet har eit totalbudsjett på om lag MNOK 110, kor om lag MNOK 60 er eksterne midlar.

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp instituttet sine om lag 130 doktorgradskandidatar frå søknad om opptak til disputas (sakshandsaming av søknader, rettleiing i høve studieløpet, midtvegs- evaluering, rapporteringar, samt formell og praktisk oppfølging ved disputas).
  • Administrasjon av instituttets forskarskuler og tilhøyrande emneporteføjle, i tett samabeid med forskarskulenes faglige leiing.
  • Vere instituttets ressursperson i forskingsadministrative spørsmål, i samarbeid med fakultetets forskingsseksjon.
  • Kontroll og rapporteringav publikasjonar i CRIStin (Current Research Information System In Norway)
  • Rutineutvikling
  • Informasjonsoppgåver (til dømes nyheitsbrev og nettsider)
  • Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne.
  • Stillinga kan innebere andre oppgåver som krev spesialkompetanse.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning

  • erfaring frå forskarutdanningsadministrasjon
  • god IT-kompetanse og forståelse
  • ynskjelig med erfaring og kjennskap til fellessystema som UiB nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes FS, Mitt UiB, ePhorte, CRIstin med fleire)
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god skriftleg og munnleg engelsk og norsk 

Vi søkjer ein person som

  • likar folk og er motivert for å jobbe med forskingsadministrasjon
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • serviceinnstilt og tar initiativ
  • sjølvstendig, men samarbeider og godt med andre, innan same fag og på tvers av fag
  • strukturert og effektiv og trivest med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og uforutsette
  • analytisk og løysingsorientert
  • vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 604 400 – 635 400 (lønssteg 62 – 65). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS