Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar (økonomikoordinator/controller)
Vi ynskjer deg velkomen til å søkje 100 % fast stilling som rådgjevar (økonomikoordinator/kontroller) ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1.
Klinisk institutt 1 er eit av fem institutt ved Det medisinsk fakultet. Instituttet har 250 tilsette og eit budsjett på om lag 100 mill. Instituttet har til ei kvar tid om lag 150 kandidatar i forskarutdanninga. Dei tilsette er organisert i 12 fagseksjonar, ei kjernefasilitet (Dyreavdelinga) i tillegg til administrasjon. Instituttet har og ansvar for eit senter for fremragande forsking (CCBIO), eit forskingssenter for klinisk behandling (Neuro-SysMed), samt Mohns ernæringslaboratorium.
Stillinga som rådgjevar/økonomikoordinator er ein del av instituttadministrasjonen med til saman 12 medarbeidarar, som har administrasjonssjefen som næraste overordna. Målet for administrasjonen er å leggje godt til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande administrasjon i eit spennande fagmiljø med dyktige folk.
Instituttet er lokalisert i ulik bygg på Haukelandsområdet, på Sandviken sjukehus, og har også tilsette ved samarbeidande sjukehus i Stavanger, Førde og Haugesund. Administrasjonen held til i Laboratoriebygget, som er eit moderne bygg med gode forskingsfasilitetar og fine kontorfasilitetar. Instituttet har sterke forskingsgrupper og fagmiljø som alle bidrar med undervising hovudsakleg til medisinstudiet og ernæringsstudiet.
Arbeidsoppgåver:
dagleg leiing av økonomiseksjonen
økonomioppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
økonomistyring av ekstern- og internfinansierte forskingsprosjekt
støtte til forskarar ved søknader og drift av forskingsprosjekt
kvalitetsutvikling innafor økonomiområdet
leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til instituttleiinga og forskingsgruppeleiarane ved instituttet
utvikling og forbetringsarbeid av økonomiseksjonen og arbeidsmetodar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan likevel i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskeleg
god forståing og erfaring frå alle prosesser i prosjektøkonomi er ein føremon
gode ferdigheiter i Excel
evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Vi søkjer ein person som
har leiareigenskapar og kan motivera andre
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
er positiv og serviceinnstilt
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
kan løyse oppgåver av særleg komplisert karakter
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 524 900 – 583 500). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.