LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar - administrativ prosjektkoordinator

Søknadsfrist: 12.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar - administrativ prosjektkoordinator

Har du lyst til å vere med å byggje eit sterkt miljø for humanistisk forsking på digitale forteljingar og kunstig intelligens? Velkomen som søkjar til ei fast 100 % stilling som rådgjevar knytt til Advanced Grant forskingsprosjektet AI Stories ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), Det humanistiske fakultet. AI Stories er eit femårig forskingsprosjekt finansiert av det europeiske forskningsrådet (ERC) som utforskar korleis forteljingar i kunstig intelligens (KI) vert trent opp gjennom ei rekke ulike datasett. Forskingsprosjektet utforskar korleis forteljingar som inngår i desse datasetta påverkar tekstar skapt av generativ KI.

Vi søkjar ein person som synest humanistisk forsking på KI og ny teknologi er spennande, og som er drivande god til å administrere og støtte forsking. Du må ha lyst til å bidra til ei gruppe med ein god og inkluderande arbeidskultur. 

Formålet med stillinga er å støtte prosjektleiar med å koordinere, synleggjere og rapportere prosjektet. Du vil få ansvar for kommunikasjon, og må lika å skrive formidlande tekstar. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga.

Stillinga inngår som ein del av den administrative staben ved LLE men med arbeidsstad på Senter for digitale forteljingar (CDN), eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd. 

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgje og yte støtte til forskingsarbeidet i AI Stories og koordinere verksemd i samsvar med prosjektets målsettingar.
  • Halde oversikt over utviklinga av kunstig intelligens innan industri og politikk, mellom anna ved å lese policy-dokument og å delta på arrangement nasjonalt og internasjonalt. 
  • Utvikle og iverksette strategiar for «impact» i forskingsprosjektet, internasjonalt og nasjonalt, særleg med tanke på ei betre utnytting av humanistisk forsking i teknologiutvikling og politikk knytt til kunstig intelligens. 
  • Støtte prosjektleiar med å halde oversikt på oppgåver og framgang i prosjektgruppa, lage gode system for samhandling og sikring av forskingsmateriale, bidra til rapportering, følje opp prosjektet og prosjektøkonomien i samarbeid med prosjektleiar og prosjektøkonom, bidra til fagleg rapportering.
  • Rådgje og rettleie tilsette i prosjektet om forskingsetikk, personvern, datahandtering og datasikkerheit.
  • Kommunikasjon og formidling av forsking gjennom ulike plattformar.
  • Delta i aktuelle nettverk med fellesadministrasjonen på instituttet, fakultetet og andre einingar.

Stillinga vil vere finansiert av prosjektet AI Stories fram til prosjektslutt 31.08.2029. Det vil då vere aktuelt å justere eller endre arbeidsoppgåvene i stillinga. 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Du må ha:

  • utdanning på mastergradsnivå.
  • relevant erfaring frå universitet-, høgskule- eller instituttsektoren.
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • god digital kompetanse.

Det er ein føremon om du har:

  • erfaring med administrasjon knytt til forsking og formidling.
  • interesse for ny teknologi og digital kultur.

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga, mellom anna:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • evne til å bygge nettverk.
  • god organisasjons- og rolleforståing.
  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • evne til å organisere, koordinere og prioritere eit bredt spekter av oppgåver.
  • fleksibilitet og serviceorientering.
  • evne og interesse for utvikling og for å opparbeide nye ferdigheiter.
  • evne til å trivast i ein til tider hektisk arbeidskvardag.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn som rådgjevar etter lønssteg 63-68 (kode 1434) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr. 615 700 - 667 700 i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse. 
  • Stilling i ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
  • Fleksitid og gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: Hva kan universitetet tilby sine medarbeidere? | Ansattsider | UiB 

Generell informasjon:

For utfyllande opplysningar om stillinga kan ein kontakte:

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS