LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom (rådgjevar) ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 05.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektøkonom - rådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Velkomen som søkjar til ei fast stilling som prosjektøkonom ved Det humanistiske fakultet. Vi treng ein dyktig og motivert prosjektøkonom så snart som mogeleg. Fakultetet ønskjer å auke aktiviteten dei neste åra gjennom eksternfinansierte prosjekt, og har allereie ei veksande portefølje med mellom anna to sentre for framifrå forsking. Prosjekta er stort sett innan forsking, men er òg knytt til vidareutdanning eller språksamlinga. Dei største finansieringskjeldene er Noregs Forskingsråd, EU-kommisjonen og offentlege organ.

Fakultetet har fire institutt og to sentre. Prosjektøkonomen vert ein del av økonomiseksjonen som har ti tilsette og er ein del av fakultetsadministrasjonen. Seksjonen har ansvar for både grunnløyving og eksternfinansiert verksemd ved fakultetet.

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som rådgjevar, kan det bli aktuelt å tilsette i stilling som seniorkonsulent. Krav til kvalifikasjonar og erfaring vert då redusert tilsvarande.

Arbeidsoppgåver:

Prosjektøkonomen vil følgje sine prosjekt frå A til Å, frå søknadsarbeid til oppstart, oppfølging og avslutning. I alle desse fasane er det svært viktig å forstå og forklare verknaden eksternfinansierte prosjekt har på grunnløyvinga og totaløkonomien, og å ha eit overordna blikk på porteføljen i samband med budsjettering og rapportering. 

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Støtte prosjektleiar i søknadsfasen ved å gi råd og lage prosjektbudsjett til diverse søknadsportalar. Berekne framtidige effektar på totaløkonomien og formidle dette til institutt- og fakultetsleiing.
  • Opprette og avslutte prosjekt i gjeldande prosjektmodul. Budsjettere og formidle økonomiske konsekvensar for andre delar av økonomien.
  • Følge opp prosjekta i heile levetida og halde dei à jour: jamleg oppfølging mot kontrakt og budsjett, bokføre fakturaer og enkelte typar lønskostnader, fakturering, dialog og rapportering til prosjektleiar, finansieringskjelde og institutt/fakultet.
  • Opparbeide særskilt kompetanse om enkelte prosjekttypar og einingar ved fakultetet.
  • Utvikle samarbeidet om eksternfinansiering, både internt på seksjonen, med andre funksjonar og med leiinga.
  • Sikre kvalitet på rutinar for budsjettering og rapportering for eksternfinansierte prosjekt og følgjene på grunnløyvinga. Gjere modellar og rutinar knytt til prosjektarbeid betre.
  • Bidra til andre driftsoppgåver som seksjonen har ansvar for, til dømes i UiBhjelp samt andre laupande oppgåver eller analysar.
  • Det kan over tid ventast endringar i stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i økonomiske fag vil være ein føremon. Lang, relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring er naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.
  • God forståing for tal og økonomi vil bli vektlagt.
  • Brei røynsle i bruk av Excel og generell IT-/systemkunnskap er ein føremon.
  • Evne til å forstå kontraktar og utlysingar for forskingsprosjekt på norsk og engelsk vil bli vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer, samt engelsk er naudsynt.
  • Gode samarbeidsevner, sjølvstende og god gjennomføringsevne.
  • Fleksibilitet, motivasjon og serviceinnstilling.
  • Kjennskap til og erfaring frå universitet eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.

I vurderinga av søkjarane blir det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei årsløn mellom kr 615 700 - kr 720 100 (ltr. 63-72), avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Alternativt løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årsløn mellom kr 557 100 - kr 604 900 (ltr. 57-62). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Ei stor kontaktflate i organisasjonen.
  • Erfarne kollegaer som deler kunnskap.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Nærare informasjon om stillinga får du frå:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Originale vitnemål og attestar må kunne vises ved et eventuelt intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS