LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsrådgjevar / koordinator - Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

Søknadsfrist: 01.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar/koordinator

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar/koordinator. Vi søkjer ein rådgjevar/koordinator som er oppteken av utvikling, har gode samhandlingsevner og som ønskjer å være med på å vidareutvikle fakultetet.

Fakultet for kunst, musikk og design har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudførmål. For tida har fakultetet 180 tilsette og kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmd

Aktiviteten til fakultetet er lokalisert i Møllendalsveien 61 (Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst og Institutt for design) og i Nygård Skole (Griegakademiet - Institutt for musikk). Arbeidsstad vil kunne variere mellom dei to lokasjonane.

Som rådgjevar inngår du i en formildlingsgruppe på 3 medarbeidarar. Rådgjevaren rapporterer til assisterande fakultetsdirektør. Stillinga inngår i ein en administrasjon på omtrent 25 årsverk. Det er utstrekt samarbeid på tvers i administrasjonen, og med vitskapleg og kunstnarisk stab. I stillinga inngår ansvar for å koordinere fakultetets formidlings- og kommunikasjonsarbeid.

Arbeidsoppgåver:

  • Strategisk og generelt kommunikasjonsarbeid knytt til fakultetet sin aktivitet.
  • Produsere og formidle større og mindre saker gjennom foto, video og tekst.
  • Koordinere arbeid med årsplanlegging mellom fakultetsfunksjonar og fagmiljø/- leiing .
  • Vidareutvikle og vedlikehald av fakultetets nettsider.
  • Utforming og design i tilknyting til forskingsprosjekt, konferansar og utstillingar/konsertprogram.

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsformer og krev ein initiativrik person med høg kommunikasjonsfagleg kompetanse, god digital forståing og evner til å produsere innhald både til eigne nettsider og ulike sosiale media. Rådgjevaren må også evne å jobbe strategisk og systematisk med å styrke fakultetet sitt omdøme.

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne variere. Den som vert tilsett må kunne rekne med å gjere anna arbeid innanfor gruppa sitt arbeidsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande utdanning, helst innanfor relevant fagområde for stillinga. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God kjennskap til, eller røynsle særleg frå kunst- og kulturfeltet i universitets- og høgskulesystemet er ein føremon.
  • Det er naudsynt med god IT- kompetanse og erfaring med CMS- system.
  • Kunne planlegge, prioritere og sikre gjennomføring i prosessar.
  • Evne til å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser.
  • Solid designfagleg kompetanse og erfaring med bruk av nødvendig programvare.
  • Kjennskap til video- og fotoproduksjon er et føremon.
  • God kunnskap og forståing av sosiale medieplattformar som Facebook, Instagram og Twitter.

Vi søkjer ein omgjengeleg og fleksibel kandidat som kan jobbe både sjølvstendig og på lag. Vedkomande må kunne setje seg hurtig inn i komplekse problemstillingar og kommunisere godt på norsk og engelsk.

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning og det profesjonelle musikkfeltet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) med løn kr. 516 400 – 566 700 (lønssteg 58 - 63). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med god tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

Generell informasjon:

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga .
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no, 95198327)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS