Juridisk rådgivar (vikariat) - Forskings- og innovasjonsavdelinga
Søknadsfrist: 27.05.2020
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Juridisk rådgivar, vikariat
Vil du vere med å realisere UiBs strategiske mål innan forsking, innovasjon, utdanning og formidling?
Ved Forskings- og innovasjonsavdelinga, Seksjon for innovasjon er det no ledig eit vikariat som juridisk rådgivar (jurist).
Universitetet i Bergen er ein av Norges leiande institusjonar for forsking og høgare utdanning med ein tydeleg internasjonal profil. Universitetet har høge mål og klare prioriteringar for fagleg utvikling, institusjonell fornying, og søker ein juridisk rådgivar til å arbeide med universitetets eksternt finansierte forskingsprosjekt.
Forskings- og innovasjonsavdelinga er ein del av den sentrale administrasjonen ved UiB og tel omlag 30 tilsette. Den juridiske kompetansen vert i stor grad etterspurt, og vi søkjer etter ein fagleg dyktig og positiv kollega som kan bli ein del av det juridiske teamet i avdelinga.
Ein stor del av verksemda til universitetet er finansiert av midlar henta frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, og UiB har eit omfattande samarbeid med andre universitet, forskingsinstitutt, private og offentlege verksemder som er basert på avtalar og kontraktar. Til UiB si store eksternt finansierte portefølje av prosjekt innan forsking og utdanning vil du som juridisk rådgivar arbeide tett med forskarar, leiing og administrasjon på universitetet.
Vi søker ein kollega med kompetanse innan avtalerett som har interesse for universitets- og høgskulesektoren. Som del av eit team på fem personar vil du få høve til å jobbe tverrfagleg og delta i eit breitt spekter av prosessar som er med på å bidra til at UiB når sine mål. Arbeidet vil vere sjølvstendig og prega av utfordrande oppgåver. Du vil mellom anna jobbe med avtalerett, forhandlingar, immateriell rett, EØS/konkurranserett og forvaltningsrett.
Stillinga er eit vikariat på tolv månader og vil gje gode høve til utvikling for den rette kandidaten. Vi ønskjer oppstart snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver:
Den juridiske rådgivaren skal mellom anna:
Inngå i eit team som skal gje støtte til å utarbeide, forhandle og følgje opp kontrakter knytt til den eksternfinansiert verksemda til universitetet
Støtte til å vidareutvikle interne retningslinjer og rutiner innan ansvarsområda
Gje juridiske råd i samband med kontrakter, immateriell rett og innovasjon retta mot fakultet, institutt og forskarar
Stillinga kan tilleggas andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du har:
Mastergrad i rettsvitskap
Gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna er også velkomne til å søkje
Røynsle frå arbeidsområda som oppgåvene omfattar, det er ein føremon med erfaring frå arbeid medkontrakter på norsk og engelsk
Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
Interesse for forskings- og utdanningsspørsmål
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Du er:
Ein dynamisk pådrivar med stor arbeidskapasitet
Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
Systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig
Vi legg vekt på:
Relevant erfaring
Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga
Vi kan tilby:
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor faglig tyngde
Løn som rådgivar (kode 1434) i lønssteg 62-70 i det statlege lønsregulativet (for tida kr. 552 800 - 640 200 før skatt). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Fungerande seksjonsleiar for Seksjon for innovasjon, Magnus Holtermann, tlf 55 58 49 89 (magnus.holtermann@uib.no) eller
Direktør, Forsknings- og innovasjonsavdelingen, Benedicte Løseth, 916 03 900, (benedicte.loseth@uib.no)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attester skal berre sendast dersom du får melding om dette.