Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Juridisk rådgivar - Forskings- og innovasjonsavdelinga

Søknadsfrist: 18.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Juridisk rådgivar

Vil du vere med å realisere UiBs strategiske mål innan forsking, innovasjon, utdanning og formidling?

Ved Forskings- og innovasjonsavdelinga, Seksjon for innovasjon er det no ledig ei fast stilling som juridisk rådgivar (jurist).

Universitetet i Bergen er ein av Norges leiande institusjonar for forsking og høgare utdanning med ein tydeleg internasjonal profil. Universitetet har høge mål og klare prioriteringar for fagleg utvikling, institusjonell fornying, og søker ein juridisk rådgivar til å arbeide med universitetets eksternt finansierte forskings- og innovasjonsprosjekt.Stillinga er lagt til Forskings- og innovasjonsavdelinga som er ein del av den sentrale administrasjonen ved UiB. Avdelinga tel om lag 30 tilsette som arbeidar med juridisk-, forskings- og innovasjonsrådgjeving. Vi har nyleg etablert ein ny seksjon for innovasjon som yt rådgjeving og støtte til universitetsleiinga, fakulteta og enkeltforskarar. Den juridiske kompetansen vert i stor grad etterspurt, og vi søkjer etter ein fagleg dyktig og positiv kollega som kan bli ein del av det juridiske teamet i avdelinga.

Ein stor del av verksemda til universitetet er finansiert av midlar henta frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder. UiBs eksterne inntekter utgjer over ein milliard og universitetet har eit omfattande samarbeid med andre universitet, forskingsinstitutt, private og offentlege verksemder som er basert på kontrakter. UiB har ei stor eksternt finansiert portefølje av prosjekt innan forsking og utdanning der juristane i avdelinga vil arbeide tett med forskarar, leiing og administrasjon på universitetet.

Vi søker ein kollega med kompetanse innan avtalerett som har interesse for universitets- og høgskulesektoren. Som del av ein seksjon på elleve personar vil du få høve til å jobbe tverrfagleg og delta i eit breitt spekter av prosessar som er med på å bidra til at UiB når sine mål. Arbeidet vil vere sjølvstendig og prega av utfordrande oppgåver. Du vil mellom anna jobbe med avtalerett, forhandlingar, immateriell rett, EØS/konkurranserett og forvaltningsrett.

Stillinga er fast og vil gje gode høve til utvikling for den rette kandidaten. Andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sitt arbeidsområde, kan også verte lagt til stillinga. Tiltreding snarast mogleg.

Arbeidsoppgåver:

Den juridiske rådgivaren skal mellom anna:

  • Inngå i eit team som skal gje støtte til å utarbeide, forhandle og følgje opp kontrakter knytt til den eksternfinansiert verksemda til universitetet,
  • Støtte til å vidareutvikle interne retningslinjer og rutiner innan ansvarsområda
  • Gje juridiske råd i samband med kontrakter, immateriell rett og innovasjon retta mot fakultet, institutt og forskarar
  • Stillinga kan tilleggas andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du har:

  • Mastergrad i rettsvitskap
  • Relevant arbeidserfaring,
  • Røynsle frå arbeidsområda som oppgåvene omfattar, det er ein føremon med erfaring frå arbeid med kontrakter på norsk og engelsk
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Interesse for forskings-, innovasjons- og utdanningsspørsmål
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du er:

  • Ein dyktig jurist med evne til å setje deg inn i juridiske problemstillingar
  • Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibel

Vi legg vekt på:

  • Relevant erfaring
  • Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga

Vi kan tilby:

  • Stilling i ei avdeling i spanande utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor faglig tyngde
  • Løn som rådgivar (kode 1434) i lønssteg 62-70 (for tida kr. 552 800 - 640 200) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande seksjonsleiar for Seksjon for innovasjon, Magnus Holtermann, tlf 55 58 49 89 (magnus.holtermann@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attester skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS