Bransjekoordinator (rådgjevar) - Media City Bergen
Søknadsfrist: 17.01.2021
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei fast stilling som administrativ koordinator for Universitetet i Bergens aktivitet i Media City Bergen (MCB). Ei hovudoppgåve for stillinga er koordinering og ansvar for bransjekontakt og -samarbeid knytt opp mot instituttets studieprogram i MCB.
Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign, samt TV-produksjon. Instituttet har for tida 35 faste vitskapelege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1000 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram.
MCB er ei internasjonalt leiande kunnskapsklynge innan felta medieproduksjon og medieteknologi. Her er instituttet samlokalisert med medieselskap som TV2, NRK og Bergens Tidende, samt ei rekke framståande medieteknologiselskap som Vizrt. Media City Bergen tilbyr eit internasjonalt miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet i samspel mellom forsking, undervisning og bransje. Instituttet tilbyr seks bachelor- og masterprogram innan journalistikk, TV-produksjon, og medieteknologi i MCB, med omfattande samarbeid med bransjeaktørar. Instituttet har fasilitetar for TV- og medieproduksjon, blant anna studio og mobilt utstyr, samt laber for postproduksjon og lyd og teknologiutvikling. Instituttet leiar fleire forskings- og innovasjonsprosjekt, og er vertskap for Senter for undersøkande journalistikk (SUJO), og leder et Senter for forskingsdrevet innovasjon (MediaFutures), begge i Media City Bergen.
Arbeidsoppgåver:
Koordinering og utvikling av bransjerelasjonane knytt opp mot instituttets studieprogram. Ansvar for praksisplassar og utplassering for studieprogram i MCB.
Vidareutvikling og oppfølging av avtaler med bransjen ift undervisning, bachelor- og masteroppgåver, utplassering og rettigheiter.
Administrativ støtte for leiarane av studieprogramma i MCB. Andre relevante administrative oppgåver knytt til UiBs aktivitet i MCB.
Kontaktpunkt for studentar, praksislærare og timelærare i MCB.
Planlegge og gjennomføre arrangement i samarbeid med UiBs utdanningar og mediebransjen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad i mediefag, journalistikk, informasjonsteknologi eller liknande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant, praktisk erfaring frå medie- og teknologibransjen
Nettverk og kunnskap om medie- og teknologibransjen
Kunnskap om innovasjon vil vere ei føremon
Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og ha gjennomføringskraft vil bli vektlagd
God kunnskap i engelsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 – 65, for tida kr 535 200 – 586 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Administrasjonssjef Espen Dahle på e-post: espen.dahle@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 20/14274.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.