Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor i illustrasjon ved Institutt for design

Søknadsfrist: 05.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Professor (100 %) i illustrasjon ved Institutt for design

Ved Institutt for Design er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) innan fagområdet illustrasjon. Stillinga er ledig frå oktober 2020.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein professor til undervisnings- og forskingsoppgåver innanfor fagområdet illustrasjon. Søkjaren skal inneha relevant kompetanse og ambisjon om å utforske og utfordre grensene for kva illustrasjon er og kan vera, gjennom varierte utrykk og medieflatar.

Vi søkjer ein fagleg sterk illustratør som har ein sterk profil frå praksis i illustrasjon med brei erfaring innan visuell historieforteljing. Høg visuell og konseptuell kompetanse vil også bli prioritert. Søkjarar skal ha eigenskap til å setta illustrasjon inn i ein breiare historisk og sosial kontekst og kunne bidra til å utvide omdømmet av illustrasjonsfaget.

Den som vert tilsett må demonstrere evner til kritisk refleksjon over faglege prosessar og fagets etiske utfordringar. I tillegg ønsker vi at søkaren har forståing for- og evner å reflektere kritisk over fagfeltets betyding for visuell kultur og tverrfagleg samarbeid.

Aktuelle søkarar må ha erfaring med forsking gjennom design, og kunne integrere arbeidet i eigen undervisningspraksis. Vi ønsker ein illustratør som kan engasjere og inspirere til fagleg eksperimentering gjennom praktiske utprøvingar, rettleie og relevant teori.

Professoren vil arbeide nært med dei andre i fagstaben og være delaktig i den faglege diskusjonen om instituttet sin profil og undervisningsopplegg.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og rettleiing
  • Ansvar for undervisning i spesialfelt
  • Kunstnarisk utviklingsarbeid og prosjektleiing
  • Hovudrettleiar for ph.d., MA og BA studentar
  • Rekruttering av ph.d.- MA -og BA-studentar
  • Formidling
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard og relevant bredde og fordjuping i faget eller disiplinen på høgaste nivå

Til stilling som professor vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som vert tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylt innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskapelege stillingar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Erfaring med eksternfinansiering av prosjekt

Undervisningsspråket er skandinavisk eller engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønnssteg 77 - 84 (for tida kr. 741.300 - 906.000 brutto i fulltidsstilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Materale som dokumenterer kunstnarleg forsking og kunstnarleg verksemd

Søkjaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerende instituttleder ved Institutt for design, professor Ashley Booth (e-post: ashley.booth@uib.no // telefon: 90852008)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Apply for position

Powered by Labrador CMS