LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor i helseøkonomi ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 08.05.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Professor i helseøkonomi

Universitetet i Bergen inviterer til å søkje på ei 20 % stilling som professor i helseøkonomi som varer frå tidspunkt for tilsetjing og ut 2030. Stillinga er knytt til Fagområde for etikk og helseøkonomi ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS). IGS huser Senter for framifrå forsking: Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS) – eit leiande internasjonalt og tverrfagleg forskingsmiljø innan helseprioritering, økonomisk evaluering og rettferdsbasert prioritering.

Den nye professoren vil ha ei sentral rolle i å styrkje kapasiteten innan helseøkonomi og helsefinansiering i låg- og mellominntektsland, med særleg vekt på økonomiske evalueringar som grunnlag for kunnskapsbaserte prioriteringar mot universell helsedekning (UHC).

Stillinga er finansiert gjennom ei femårig øyremerkt Norad-løyving til BCEPS. Arbeidsoppgåvene vil være prosjektrelatert og vil bidra til gjennomføringa av prosjektet «Fair Choices on the Path to UHC – in times of change (2026–2030)», leia av BCEPS.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar tilrelevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til:

• Rettleiing av ph.d.- og master-studentar, i tillegg til postdoktorstipendiatar i FairChoices prosjektet.• Undervising og utvikling av emne i helseøkonomi og prioritering på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, inkludert digitale modular som vert tilbydde globalt.• Bidreg til bruken av det globale verktøyet FairChoices: DCP Analytics Tool (www.fairchoices.org) innan forsking og i samarbeid med avgjerdstakarar. Interkontinentale reiser vil vere ein del av dette oppdraget. Arbeidet vil også inkludere opplæring, vidareutvikling og fremjing av bruk av FairChoices-verktøyet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse i helseøkonomi. Den som får stillinga må ha rett til å bu og jobbe i Noreg.

Det vil òg bli sett på som ein fordel med:

  • Erfaring frå arbeid i nasjonale politiske kontekstar i låg- og låg-mellominntektsland (LLMIC)
  • Kjennskap til utforming av helsetenestepakkar
  • Deltaking i globale nettverk (til dømes Verdens helseorganisasjon - WHO, Verdensbanken, Africa CDC)
  • Dokumentert erfaring frå politikkretta forsking og kapasitetsbygging
  • Erfaring med tverrfagleg, politikkretta samarbeid i LLMIC-land vil vere ein særleg fordel

Den som får stillinga, må ha gode samarbeidsevner og fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og detsame gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor. Undervisningsspråket er i hovudsak engelsk, men det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Professor:Løn er for tida kr 970 000 (kode 1013), eller løn for spesialist kr 990 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
  • Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte professor Kjell Arne Johansson, prosjektleiar for Fair Choices og nestleiar av BCEPS, e-post: kjell.johansson@uib.no, mobil: 97191828

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS