Professor (50 %) innan fagområdet form ved Institutt for design
Søknadsfrist: 01.02.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Professor
Ved Institutt for design ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei fast stilling som professor (50%) innan fagområdet form. Tilsetjing er ønska frå 1.08.2024.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer ein professor med kunstnarleg/designfagleg praksis på høgt internasjonalt nivå i design innafor fagområdet form. Søkjarar må kunne dokumentere omfattande erfaring med to- og tredimensjonal form i ein designfagleg kontekst. Dette inkluderer teoretisk og analytisk kompetanse knytt til form og estetikk på tvers av medium og materialar. Søkjarar må dokumentere sterk tverrfagleg forståing innan design og kunstfag og kunne kontekstualisere problemstillingar knytt til romleg utforming og gjenstandsbasert design. I tillegg bør den som søker kunne dokumentere brei erfaring med analoge og digitale produksjonsprosessar. Kompetanse innan farge og lys er ei føremon.
Stillinga krev engasjement i instituttet sitt fagmiljø. Professoren skal, i nært samarbeid med kollegaer, utvikle profilen til fagområdet ved instituttet og bidra til at praktiske og teoretiske tilnærmingar sjåast i samanheng. Den som vert tilsett må kunne gjennomføre og dokumentere sitt kunstnarlege utviklingsarbeid innafor instituttet sine rammer. Søkjarar må kunne dokumentere erfaring med prosjektutvikling, prosjektleiing og eksternfinansiering. Det er ynskjeleg at søkjarar kan bidra til å profilere instituttet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Form har ein sentral plass i instituttet sitt studieprogram, og den som vert tilsett vil ha ansvar for undervisninga innan fagområdet. Vi søkjer kandidatar som kan dokumentere brei erfaring med både tradisjonelle og nye teknikkar og materialar, og kan utvikle undervisning knytt til denne spesialiserte kunnskapen. Eige kunstnarleg utviklingsarbeid skal bidra til undervisninga.
Den nye professoren må ha erfaring med å undervise og rettleie på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og ta aktiv del i utviklinga av instituttet sin emneportefølje og i kvalitetsarbeidet.
Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkl. prosjektutvikling/-leiing og aktiv deltaking i forskingsgrupper
Hovudrettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar
Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid
Formidling
Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard, og relevant bredde og fordjuping i faget eller disiplinen på høgaste nivå.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskapelege stillingar.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
Dokumentert erfaring med å skaffe eigne forskingsmidlar.
Organisatoriske evner og erfaring.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.
Undervisningsspråket er skandinavisk eller engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjing.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
Stilling som professor (kode 1013) i årsløn kr. 895 500 – 942 700 brutto i 100% stilling. For særleg kvalifiserte søkarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.