LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor (100%) i kunst innan fagområdet tekstil ved Kunstakademiet

Søknadsfrist: 12.10.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor 

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei fast stilling som professor (100%) i kunst, innan fagområdet tekstil. Stillinga er ledig frå 01.06.2025.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein professor med spisskompetanse innan tekstil, med ambisjonar om å utvide og teste grensene for kva kunstnarleg praksis kan være, og med interesse og openheit for andre kunstnarlege uttrykksformer og moglege koplingar mellom desse. Søkarar bør ha brei praktisk erfaring, ein sterkt kontekstualisert praksis og ei teoretisk forståing av det tekstilkunstnarlege feltet, inkludert feltet si historiske, estetiske, sosiale og politiske utvikling og samanheng. Vidare bør søkarar ha eit sterkt fokus på kunstnarleg utviklingsarbeid og vise evne til kritisk refleksjon over kunstnarlege prosessar som òg integrerast i undervisningspraksis. Eit engasjement for undervisning og pedagogikk er essensielt. Erfaring med vellukka forskingssøknadar om tilskot, og erfaring med å leie og delta i kunstnarlege og tilgrensande forskingsprosjekt er sterkt ønskeleg.

Ved Kunstakademiet er arbeid innanfor fordjupingsområdet tekstil ei integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod. Den som vert tilsett må rettleie på alle nivå, og må òg væra hovudrettleiar for studentar som arbeider med andre medium/uttrykk.

Søkjarar bør ha motivasjon for og evne til å jobbe i eit kulturelt mangfaldig arbeids- og utdanningsmiljø.

Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen.

Link til Studieplanar: 

https://www.uib.no/studier/BAKUNST/plan

https://www.uib.no/studier/MAKUNST/plan

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid 
  • Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkl. prosjektutvikling/-leiing og aktiv deltaking i forskingsgrupper
  • Hovudrettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar
  • Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid 
  • Formidling av kunstnarisk utviklingsarbeid
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Dokumentert erfaring med å skaffe eigne forskingsmidlar.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. 

UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Stilling som professor (kode 1013) i årsløn kr. 919 200 – 966 300 brutto i året i 100% stilling. For særleg kvalifiserte søkarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg forsking/utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe, skjema til nedlasting/utfylling).

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

NB: Søknadane blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.v

Generell informasjon:

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS