Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuensis i kunstfagpedagogikk ved KMD

Søknadsfrist: 01.05.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis i kunstfagpedagogikk

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for kunstnarar, musikarar og designarar ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei fast stilling som professor/førsteamanuensis (100 %) innan fagområdet kunstfagpedagogikk.

Griegakademiet – Institutt for musikk har ansvar for PPU-utdanninga ved Fakultet for kunst, musikk og design. Sidan hausten 2019 er ein felles PPU etablert for dei skapande og utøvande fagområda ved fakultetet. Studieprogrammet er organisert med pedagogikkemne felles for alle studentane, og fagspesifikke didaktikkemne i musikk og kunst/design. Det er 26 studieplassar knytt til utdanninga, og ei faggruppe med per i dag 3 faste stillingar. Denne tilsettinga skal styrke fagmiljøet si forskingskompetanse, slik at instituttet kan byggje opp eit samla forskingsmiljø knytt til studieprogrammet og det kunstfaglege pedagogiske fagfeltet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer etter ein professor/førsteamanuensis i pedagogikk med pedagogisk ekspertise innan kunstfag. Vi søkjer etter ein samarbeidsorientert fagperson med høg motivasjon for både forsking og utdanning. Motivasjon og evne til å vidareutvikle kunstfagpedagogikk og styrke integreringa av dei ulike fagområdane i utdanningstilbodet er ei føresetnad. Den som vert tilsett skal rettleie og undervise på Praktisk-pedagogisk utdanning for kunstnarar, musikarar og designarar. Fagmiljøet skal dekke alle dei sentrale undervisningsoppgåvene i studieprogrammet, og vi ser difor etter ein person med brei kompetanse og fleksibilitet i høve undervisningsoppgåver både innan pedagogikk og didaktikkemna. Den som vert tilsett må vere villig til å ta koordinerande ansvar i faggruppa ved behov.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing av lærarstudentar
  • Ansvar for utvikling av studietilbod og praksis
  • Forsking og utviklingsarbeid i fagfeltet.
  • Fagleg-administrative oppgåver og deltaking i møte og komitéarbeid på institutt og fakultet
  • Rettleiing av ph.d.-kandidatar innan fagområdet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • ph.d. innan fagområdet pedagogikk.
  • Dokumentert forskingserfaring innan kunstfagleg pedagogikk/didaktikk
  • Forskingserfaring og evne til å leie forskingsprosjekt
  • Pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner: https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/regler_for_vurdering_av.pdf
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart
  • Breidde i kompetanse og undervisningserfaring
  • Vi legg vekt på undervisningserfaring frå skule, kulturskule eller andre relevante undervisningsarenaer, og kjennskap til dei norske lærarutdanningane.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for fakultetets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Evne til å vise initiativ og evne til å arbeide systematisk og målretta

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som professor, (kode 1013) med løn kr. 741.300 – 906.000 (lønssteg 77 – 84). Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med løn kr. 573.100 - 667.200 (lønnssteg 64 – 72 i lønsramme 24:8). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg (pedagogisk mappe) som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) i PDF-format
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. 55 58 73 00 / 975 14 878

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS