Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Postdoktorstilling i statistikk- og matematikkdidaktikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i didaktisk forsking innan statistikk og matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen. Stillinga er knytt til forskingsmiljøa ved Matematisk institutt i samarbeid med Senter for realfagslæring (SERC) og det nyetablerte senteret AI LEARN.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Stillinga rettar seg mot forsking på undervisning og læring i grunnkurs i statistikk og matematikk på universitetsnivå. Postdoktoren skal bidra til å utvikle og styrkje forskingsgrunnlaget for undervisningspraksisar, læringsdesign og teknologiske løysingar i statistikk og matematikkutdanning. Arbeidet vil inngå i pågåande forskingsprosjekt ved instituttet og i samarbeid med SERC og AI LEARN.
Arbeidsoppgåvene vil særleg omfatte:
å samle inn, organisere og analysere data knytte til undervisning og læring i store grunnkurs istatistikk og matematikk
å gjennomføre forsking knytt til studentars læringsprosessar, inkludert bruk av kvalitativemetodar, kvantitative analysar eller læringsanalyse
å utvikle, teste og evaluere nye didaktiske design og undervisningspraksisar, somaktivitetsbasert læring, hybrid undervisning og læringsstøttande teknologi
å undersøkje korleis kunstig intelligens påverkar læring, undervisning og vurdering i realfag
å bidra til forskingsbasert utviklingsarbeid og samarbeid med fagmiljø knytt til matematikk- ogstatistikkdidaktikk
å publisere forskingsresultat i nasjonale og internasjonale vitskaplege tidsskrift
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor kvantitative realfag (inkludert matematikk og statistikk) eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Doktorgrad innan statistikk/matematikk/didaktikk er eit fortrinn dersom kandidatar elles stiller likt.
Kompetanse tilsvarande bachelorgrad i matematikk eller statistikk er eit krav.
Erfaring frå undervisning eit fortrinn
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha interesse for og evne til å forbetre læringsmiljø/opplegg i store grunnkurs.
Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, og 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid i samband med forsking, undervisning eller formidling av forskingsresultat. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Hans Julius Skaug på e-post hans.skaug@uib.no og telefon +47 55584861, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas på e-post antonella.zanna@uib.no og telefon +47 55584857.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.