Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Postdoktorstillinga er knytt til forskargruppa Forskning og undervisning om kontroversielle tema, ei tverrfagleg gruppe som arbeider med forsking og undervisning om omstridde samfunnsspørsmål. Forskargruppa undersøkjer korleis samfunnsdebattar og meiningsdanning blir forma i møte med komplekse og konfliktfylte tema, mellom anna knytt til religion, historisk minne, kjønn og seksualitet, minoritetar, rasisme, klimaendringar, krig og konflikt, med særleg vekt på implikasjonar for utdanning og undervisning.
Vi søkjer eit postdoktorprosjekt som analyserer korleis algoritmestyrte og KI-drivne plattformer påverkar den offentlege samtalen. Prosjektet kan gjerne rette merksemda mot prosessar som bidreg til polarisering, konflikt og framvekst av kulturelle skiljelinjer. Vidare kan prosjektet gjerne undersøkje rolla kjensler, affekt og estetiske uttrykk spelar i utviklinga og sirkulasjonen av kontroversar om religion i digitale og medierte kontekstar, og analysere kva konsekvensar dette har for offentleg debatt og meiningsdanning blant unge. Prosjekt med relevans for norske og/eller nordiske forhold vil bli prioritert.
Forskargruppa er i sterk fagleg utvikling, og postdoktoren vil få ei sentral rolle i vidareutviklinga av metodiske og forskingsetiske tilnærmingar, særleg innan digital etnografi og KI-relaterte forskingsmetodar. Erfaring med digitale metodar og/eller etnografiske tilnærmingar vil av den grunn bli tillagd vekt. Den som blir tilsett, vil inngå i eit aktivt, inkluderande og fagleg ambisiøst forskingsmiljø, og få høve til å bidra teoretisk, empirisk og metodisk til vidare utvikling av forskingsfeltet.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar.
Den som blir tilsett, må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg.
Samla postdoktorperiode er fire år, der 25 prosent av tida skal nyttast til anna karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:
Norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap eller nærliggande fag. Doktoravhandlinga må vere levert innan søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse som inkluderer ein framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet, og ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonalt anerkjende kanalar.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.
Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
Løn som postdoktor (stillingskode 1352), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 657 000 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst»: Skriv eit søknadsbrev (2-3 sider) som skildrar dine generelle forskingsinteresser, ekspertise og motivasjon, og korleis desse gjer deg til ein god kandidat for stillinga.
Under «CV», oppgi:
Personalia.
Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
Språkferdigheiter.
Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for doktoravhandlinga.
Under «Vedlegg» skal du lasta opp følgjande som separate dokument:
Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid, og plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, last dei opp som vanlege filer.
Dokumentasjon som bekreftar oppnådd doktorgrad, eller som viser at doktorgradsavhandlinga er levert til vurdering.
Kort samandrag av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
Liste over faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
Inntil fem vitskaplege arbeid (til dømes avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknad, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Kandidatar som tidlegare har hatt postdoktorstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte leiar for forskargruppa, professor Marie Steine von der Lippe, e-post: marie.lippe@uib.no, telefon + 47 55 58 24 45, eller instituttleiar, professor Teemu Sakari Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.