Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i studiar av stor-sprang normalforkastingar og deposenter utvikling i riftbassen

Søknadsfrist: 31.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Det er ei ledig stilling for ein postdoktorkandidat ved Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, knytt til forsking på strukturell utvikling av stor-sprang normalforkastingar typisk for sterkt strekte delar av riftmarginar som og dannar store strukturar i feila rifter. Stillinga er over tre år og er støtta gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

I forskinga vil kandidaten undersøke 3D geometrien og evolusjonen av stor-sprang normalforkastingar og deira assosierte deposenter. Ved å nytte ein kombinasjon av strukturell og tektonostratigrafisk analyse av høg-kvalitet 3D seismiske data vil forskaren analysere tidspunktet for forkastingsaktiviteten og vurdere forkastingsevolusjon frå forlata rifter og riftmarginar. Samtidig vil moderne 2D og 3D numeriske termodynamiske modellar for rifting, kopla til overflate prosessmodellar, bli nytta til å teste hypotesar for utvikling av desse forkastingane og til å identifisere hovudkontrollane for deira vekst i tid og rom.

Kandidaten som får stillinga vil forventast å ta ein ledande rolle i å utvikle forsking i disse forskingsområda og å publisere resultata i leiande, fagfellevurderte tidsskrift. Han eller ho vil og forventast å delta i andre aktivitetar slik som undervising på bachelor og master nivå, samt oppfølging av master og ph.d. studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein norsk ph.d. eller tilsvarande grad innanfor strukturgeologi av forkastingsnettverk, eller må ha levert doktoravhandling for vurdering før søknadsfristen. Det er ei føresetnad for tilsetting at ph.d. graden er fullført.
  • Erfaring frå 2D/3D seismisk tolking av rift-struktur stratigrafi– fortrinnsvis ved å bruke Petrel - er eit krav.
  • Erfaring frå kvantitativ analyse av normalforkastingsnettverk og bruk av syn-tektoniske sedimenter/stratigrafi for å rekonstruere forkastingsevolusjon er eit krav
  • Ein relevant bakgrunn og forskingsinteresse i kvantitative overflateprosessar og/eller tektonisk modellering og bruk av kvantitative naturvitskaplege metodar er eit krav
  • Erfaring med «long-term» tektonisk modellering, og bruk av «finite element methods» vil være ein føremon.
  • Erfaring med normalforkastingar/riftbasseng danning og effektar på erosjon og/eller avsetningssystem er ein føremon.
  • Dokumenterte evnar til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå (på engelsk) og dokumentasjon av forskingspotensial er eit krav
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Rob Gawthorpe, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, epost: rob.gawthorpe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS