Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Postdoktor i nervesystemutvikling
Søknadsfrist: 09.02.2020
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i nervesystemutvikling

Ved Institutt for biovitskap / Sars-senteret er det ledig ei stilling som postdoktor i gruppa «Utvikling av nervesystemet hos nesledyr», leia av Fabian Rentzsch.
Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskingsgruppa brukar sjøanemonen Nematostella vectensis for å studere molekylære, cellulære og evolusjonære aspekt ved utviklinga av nervesystemet. Moglege prosjekt for den som vert tilsett handlar om enten utvekst og navigasjon av nerveutløperane eller spesifikasjonen av nerveceller ved hjelp av transkripsjonsfaktorar og signalmolekyl. Sentrale eksperimentelle metodar er transgene dyr, CRISPR/Cas9-mediert genmanipulering, shRNAs og konfokalmikroskopi.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utanlandsk utdanning innanfor biologi, molekylærbiologi eller liknande fag, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå molekylærbiologi er eit krav.
- Kunnskap innan utviklingsbiologi og/eller nervesystemutvikling er eit krav.
- Forståing av evolusjonære konsept innan utviklingsbiologi er ein føremon.
- Erfaring i å arbeide på organismenivået (i motsetning til cellekultur) er en føremon.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med opp til 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
- løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden (på engelsk) skal innehalde:
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Prof Fabian Rentzsch, Institutt for biovitenskap og Sars Centre for Marine Molecular Biology, fabian.rentzsch@uib.no, ph: +4755584304
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.