Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i informatikk - algoritmar for læring av ontologiar

Søknadsfrist: 31.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktor i informatikk - algoritmar for læring av ontologiar

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i informatikk - algoritmar for læring av ontologiar.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, finansiert av European Research Council Grant “Lossy Preprocessing (LOPRE)” leia av professor Saket Saurabh.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsoppgåvene for denne stillinga ligg både i forskingsgruppa for maskinlæring og algoritmar, og den suksessfulle kandidaten vil bli knytt til CEDAS.

Forskingsgruppa for algoritmar er veletablert og internasjonalt leiande med fire personlege ERC tilskot så langt, i tillegg til eit stort antall andre prosjekt med norsk, nordisk og europeisk finansiering. Maskinlæring er eit fokusområde for instituttet, og forskingsgruppa er ung, aktiv og i stadig vekst. Førsteamanuensis Ana Ozaki vil snart begynne i denne forskingsgruppa. Den som vert tilsett, skal samarbeide med førsteamanuensis Ana Ozaki (maskinlæring) og professor Saket Saurabh (algoritmar).

Fokuset for stillinga vil vere på algoritmar for læring av ontologiar formulert i beskrivelseslogikk og relaterte formalismar for kunnskapsrepresentasjon. Spesielt vil vi vere interessert i å utvikla algoritmar for å lære ontologiar frå store datakjelder, og i å undersøke strategiar for å komprimere data og samtidig behalde den essensielle informasjonen for å lære ontologien

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk eller anna relatert felt. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er planlagt gjennomført innan 31.12.2020. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå forsking og publisering av høg kvalitet er eit krav.
  • Erfaring frå forsking innan algoritmar eller maskin læring er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha framifrå engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 30% av arbeidstida skal brukas på aktiviteter knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren saman med sin mentor lage ein plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 – 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 – 583 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, alternativt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 31.03.2020.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS