Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i eksperimentell astropartikkelfysikk

Søknadsfrist: 15.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

SKunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i eksperimentell astropartikkelfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ei ledig stilling som postdoktor innan eksperimentell astropartikkelfysikk. Stillinga er for en periode på 3 år og er knytt til prosjektet "Searching for Dark Matter with Light" finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med prosjektet er å bidra til søket etter Mørk Materie som skal utførast med Cherenkov Telescope Array (CTA). For dette føremålet vil postdoktorkandidaten vere medlem av CTA Consortium med særleg engasjement i arbeidsgruppa Dark Matter. Han / ho vil bidra til utarbeiding av dataanalysen og analyseprogramvara. Bidrag til in situ teleskopkalibrering er også forutsett. Kandidaten forventast å bidra med hjelp og rettleiing av studentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell (astro)partikkelfysikk. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 01.09.2020. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha gode programmeringsevner (C ++ og Python) og erfaring med dataanalyse og handtering av store datasett.
  • Kompetanse innan søk etter mørk materie og maskinlæring er ein stor føremon.
  • Erfaring med programvare for astropartikkelfysikk og teleskopkalibrering er ein føremon.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig på ein strukturert måte er veldig viktig.
  • Kandidaten må ha evne til å samarbeide i eit internasjonalt team.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Kunnskap om det norske språket er ønskjeleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.09.2020.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Julia I. Djuvsland, Institutt for fysikk og teknologi.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS