Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i djupvatnsedimentologi i rift-basseng

Søknadsfrist: 08.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i djupvatnsedimentologi i rift-basseng. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, og er knytt til PETROMAKS 2-prosjektet «DeepRIft».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

DeepRIft-prosjektet er eit tverrfagleg prosjekt som integrerer data og observasjonar frå geologiske feltblotningar med marine geofysiske data frå Korint-riften, numerisk modellering av tektonikk og overflateprosessar, og 3D seismikk og brønndata frå den norske kontinentalsokkelen. Formålet er å arbeide fram betre forståing av kva som kontrollerer erosjon, transport av sedimenter og avsetningsprosessar i riftbasseng. Prosjektet leiast av professor Rob Gawthorpe ved Universitetet i Bergen i tillegg til akademiske samarbeidspartnarar ved The Hellenic Centre for Marine Research, universiteta i Aten, Leeds, Lorraine (CRPG-CRNS), Northern Arizona, og Imperial College. Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd og fire industripartnarar.

Forskinga vil fokusere på kontrollar for djupvatnsedimenttransportsystem i riftbasseng ved bruk av 3D seismikk og brønndata frå norsk sokkel. Postdoktoren vil arbeide med følgjande: i) Sedimentologisk analyse av djupvatns avsetningssystem basert på seismikk og brønndata, ii) strukturelle kontrollar på djupvatnsedimentering, iii) analyse av regionale sedimentære, stratigrafiske og paleomiljødata for å evaluere prosessar som kontrollerer djupvatns synriftstratigrafi, og iv) utarbeiding av geostatistiske data om djupvatns syn-rift-system.

Det forventast at den som vert tilsett vil ha ei leiande rolle når det gjeld å utvikle forsking på desse områda og at kandidaten vil publisere resultat i leiande fagfellevurderte publikasjonar. Det forventast også at han/ho vil ta del i andre aktivitetar/oppgåver, til dømes undervising på bachelor- og masternivå, rettleiing av master- og ph.d.-studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor sedimentologi eller bassenganalyse, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Forskingsbakgrunn innan djupvatnsedimentologi er eit krav.
  • Erfaring med tolking av 3D seismiske data er eit krav, fortrinnsvis ved bruk av Petrel
  • Erfaring frå arbeid med brønndata, herunder kjernebaserte sedimentologiske analysar, er eit krav.
  • Erfaring med syn-tektonisk sedimentologi/stratigrafi for å rekonstruere forkastingsutvikling er eit krav.
  • Erfaring med multi-proxy paleomiljøstudiar vil vere ein føremon.
  • Erfaring frå olje- og gass industrien vil vere ein føremon.
  • Dokumenterte evnar til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå (på engelsk) og dokumentasjon av forskingspotensial er eit krav
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

• ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

• namn og kontaktopplysningar til to referansar: Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

• CV

• karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.

• relevante attestar

• liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

• eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Rob Gawthorpe, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, epost: rob.gawthorpe@uib.no, eller Professor Alte Rotevatn (e-mail: atle.rotevatn@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS