Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i deformasjon, væskestraum og diagenese i tilknyting til forkastingar i riftbasseng

Søknadsfrist: 31.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Det er ei ledig stilling for ein postdoktorkandidat i strukturgeologi ved Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, knytt til forsking på deformasjon, væskestraum og diagenese nært bassengavgrensande forkastingar i riftbasseng. Stillinga er over tre år og er støtta gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet vil fokusere på bassengavgrensande forkastingar i riftbasseng som sidestiller syn-rift klastiske avsetjingar i hengblokka mot krystallinske grunnfjellsbergartar i liggblokka. Hovudmålet med prosjektet vil vere å betre forstå korleis forkastingar i klastiske avsetjingar i dei tilknytte bassenga blir påverka av deformasjon, omdanning, sementering og mineralisering forårsaka av interaksjonen mellom forkastingsbevegelse og forkastingskontrollert væskestraum og diagenese. Dette hovudmålet vil verte adressert gjennom ein serie undersøkingar basert på data/prøver frå felt og borekjernar: i) karakterisere struktur og væskestraumseigenskapar til syn-rift grenseforkastingar, ii) samle inn prøvar av forkastingsbergartar, årer og sementprodukt i forkastingar og tilgrensande bassengavsetningar for å undersøke den strukturelle og diagenetiske historia gjennom ein serie laboratorieanalysar, ; iii) undersøke interaksjonen mellom stratigrafi, deformasjon og diagenese i bassengavsetningar avgrensa av syn-rift grenseforkastningar; iv) undersøkje begravings og temperaturhistoria til de studerte forkastingane og bassenga.

Kandidaten som får stillinga vil forventast å ta ei ledande rolle i å utvikle forsking i disse forskingsområda og å publisere resultata med open tilgang i internasjonale, fagfellevurderte tidsskrift. Han eller ho vil og forventas å delta i andre aktivitetar, slik som oppfølging av master og ph.d. studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein norsk ph.d. eller tilsvarande grad innanfor strukturgeologi, eller må ha levert doktoravhandling for vurdering før søknadsfristen. Det er ei føresetnad for tilsetting at ph.d. graden er fullført.
  • Erfaring frå feltbasert strukturgeologisk arbeid er eit krav
  • Erfaring frå mikrostrukturell karakterisering og analyse er eit krav
  • Erfaring frå ein eller fleire av desse vil vere ein føremon:
  • Deformasjon i krystalline bergartar
  • Deformasjon i porøse klastiske bergartar
  • Forkastings-kontrollert diagenese
  • Optisk, SEM og katodeluminesens mikroskopi
  • EBSD
  • Elektronmikroprobe-analyse
  • Væskeinklusjonsanalyse
  • ´Clumped Isotopes´-analyse
  • U-Pb kalsitt geokronologi
  • K-Ar ilitt forkastningsdatering
  • Vintrinitt-reflektansanalyse
  • Porøsitets og permeabilitetsanalysar
  • Relevant erfaring frå fysiske eksperiment eller numerisk modellering vil også bli vurdert som ein føremon.
  • Dokumenterte evnar til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå (på engelsk) og dokumentasjon av forskingspotensial.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsinteressar, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årslønn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.For særleg kvaifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Atle Rotevatn, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, epost: atle.rotevatn@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS