Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i 2D/3D ’Forward’ Modellering av dei Brasilianske Campos og Santos riftmarginene

Søknadsfrist: 31.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Det er ei ledig stilling for ein postdoktorkandidat ved Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, knytt til forsking på geodynamisk modellering av riftmarginer med fokus på å forstå dei Brasilianske Santos og Campos marginene. Stillinga er over tre år og er støtta gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

I forskinga vil kandidaten raffinere modellar for ’hyper extended’ marginer som observert langs dei Brasilianske Santos og Campos marginene. Data frå refleksjons og refraksjons seismiske profiler av den Brasilianske marginen vil bli integrert med 2D/3D ’forward’ dynamiske modeller av passiv margindanning, og fokusere spesielt på sedimentær bassengutvikling, karakteren til den distale marginen (exhumert mantel, eksponert nedre skorpe, vulkansk materiale), og på forståing av 3D kopling mellom Santos og Campos margin segmenter. Prosjektet skal knytte seg til det pågåande samarbeidsprosjektet ‘Integrated orogen-continental margin studies’ finansiert av Utforsk med Brazil mellom UiB, UiO, Universitetet i Sao Paolo (USP) og Statlege Universitetet Rio de Janeiro (UERJ).

Kandidaten som får stillinga vil forventast å ta ein ledande rolle i å utvikle forsking i desse forskingsområda og å publisere resultata i leiande, fagfellevurderte tidsskrift. Han eller ho vil og forventast å delta i andre aktivitetar slik som undervising på bachelor og master nivå, samt oppfølging av master og ph.d. studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein norsk ph.d. eller tilsvarande grad innanfor tektonikk, geodynamikk eller geofysikk, eller må ha levert doktoravhandling for vurdering før søknadsfristen. Det er ei føresetnad for tilsetting at ph.d. graden er fullført.
  • Passande bakgrunn og forskingsinteresse i kvantitativt tektonisk modellering, og kvantitativt geovitskap er eit krav
  • Erfaring med rift system, langtidskala tektonisk modellering, og/eller erfaring med anvendeing av finite element” metodar vil vera ein føremon
  • Dokumenterte evner til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå (på engelsk) og dokumentasjon av forskingspotensial.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Søkjaren vil hovudsakeleg vere lokalisert ved Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, og samarbeide med professor Ritske Huismans. Det er planlagt forskingsopphold til samarbeidspartnarar i UiO og Brasil.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Professor Ritske Huismans, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, epost: Ritske.Huismans@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS