LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktorstilling om den norske skeive bevegelsen - AHKR

Søknadsfrist: 27.11.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei treårig postdoktorstilling på den norske skeive rørsla. Stillinga er finansiert av Skeivt arkiv og Kultur- og likestillingsdepartementet og skal resultere i ei forskingsbasert bok som også skal kunne lesast av ei brei lesargruppe

Sjølv om vi kjenner til vennskapsnettverk blant skeive heilt frå slutten av 1800-talet, skjedde truleg dei første forsøka på skeiv organisering i Noreg på slutten av 1940-talet. Det norske forbundet av 1948 (DNF-48), danna som ei underavdeling av den danske organisasjon i 1950, såg det som si hovedoppgåve å «forsvare de menneskelige rettigheter for den minoritet i samfunnet som utgjøres av mennesker med homo- og biseksuell innstilling til kjærlighetslivet». Homorørsla vaks seg sterkare utover 1950- og 1960-tallet, men 1970- og 80-tallet vart dei store gjennombrots-tiåra. På 1970-tallet skjedde også ei rekkje splittingar i homorørsla, og vi finn mykje aktivitet og sentrale aktivistar både innan DNF-48, Arbeidsgrupper for homofil frigjøring (AHF), i Lesbisk bevegelse og andre organisasjonar rundt om i landet. Ein finn og organisering rundt trans- og bi-identitet og innvandrar-skeive i denne perioden. Alle desse organisasjonane og miljøa har vært ein del av heilt fundamentale samfunnsendringar. I materialet frå desse grupperingane og organisasjonane finst viktig kunnskap om kvifor og korleis desse endringane fann stad. Kva forhandlingar om sjølvforståingar og posisjonar gjekk føre seg? Kven var støttespelarar og samarbeidspartnerar, kven var motstandarar? Kva var dei interne konfliktane? Kva for politisk og personleg tyding har den skeive rørsla hatt?

Ein bokkomité vil følgje framdrifta i prosjektet. Den består av ein representant for Skeivt arkiv, samt tre seniorforskarar på feltet: Hans Wiggo Kristiansen, Runar Jordåen og Tone Hellesund. Det er forventa at søkjarar kontaktar prosjektleiar Tone Hellesund, tone.hellesund@uib.no (55 58 24 43) for å få utfyllande opplysningar om stillinga.

Om postdoktorstillinga

  • Søkjaren er forventa å vere hovudforfattar på boka om den norske skeive rørsla.
  • Det er forventa at søkjaren vil basere arbeidet på arkivmateriale og anna kjeldemateriale som kan sei noko om den norske skeive rørsla. Kjeldemateriale ved Skeivt arkiv vert særleg viktig, men også andre arkivinstitusjonar er aktuelle. Intervjumateriale som kjelde kan også tenkast inn her.
  • Kandidaten skal også ta del i den generelle teoriutviklinga på feltet.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen sitt campus, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjaren må kunne nytte kjeldemateriale på norsk, ha gode munnlege norskkunnskapar og kunne skrive boka på norsk.
  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for prosjektet. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, men også ha gode samarbeidsevner.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på kjennskapen til den norske skeive rørsla og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. I vurderinga vil det også bli lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er, samt fagstrategiske omsyn.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 62 (kode 1352) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 573 500,- før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som seier noko om kvifor ein ønskjer å utføre dette prosjektet, søkjarens kunnskap om den norske skeive rørsla, og/eller anna relevant forskingskompetanse.
  • Plan for gjennomføring av prosjektet, inkludert framdriftsplan (3-5 sider).
  • CV
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå PhD-arbeidet eller tilsvarande oppgåve

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Informasjon om stillinga

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søkjarar kan også kontakte instituttleiar Teemu Ryymin for generell informasjon på e-post Teemu.Ryymin@uib.no eller telefon 55 58 38 79.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS