LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktorstilling i statsvitskap

Søknadsfrist: 23.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som postdoktor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.Instituttet dekker statsvitskap, studiar av offentleg politikk, administrasjon og forvaltning, demokrati, deltaking, og organisering av politiske institusjonar. Forskinga ved instituttet er organisert i forskargrupper. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha (eller være nær innlevering av) doktorgrad i statsvitskap, offentleg politikk og administrasjon, eller eit anna samfunnsfag med klar relevans for instituttet sin faglege profil, eller må ha levert doktoravhandling til vurdering innan søknadsfristen.
  • Det vert lagt vekt på erfaring med undervisning og rettleiing. Det same gjeld formell universitetspedagogisk kompetanse.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking, og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt vekt.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan bli beden om å gje ein presentasjon av forskingsplanane i stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga vert og gjeven på engelsk.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for stillinga er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til undervisning, rettleiing og formidling. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Det er forventa at den som mottar stillinga bor og arbeider i Bergen i prosjektperioden og deltar aktivt i felles aktivitetar på instituttet.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 61-62 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (kode 1352) NOK 553 500 – 563 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ei av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • Prosjektskildring på 4-5 sider
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege publikasjonar
  • Vitskaplege publikasjonar (inntil 5), inkludert erklæring om medforfattarskap. Det er viktig at heile publikasjonane som komiteen skal ta stilling til er lagt ved søknaden.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 23.01.2022.

Søknaden må merkast: 2021/20459

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR seniorkonsulent Hanne Cappelen - hanne.cappelen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS