LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i speleothem væskeinklusjons-analyse

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i speleothem væskeinklusjons-analyse.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til ERC prosjektet FluidMICS (leder: Nele Meckler).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Speleothemer (dryppstein) er eit viktig terrestrisk klimaarkiv. Dei inneheld små mengder gammalt dryppvatn, i form av mikroskopiske væskeinklusjonar, som bevarer informasjon om temperaturen i grotten når dei ble innkapsla i steinen. I FluidMICS prosjektet vil vi bruke og vidareutvikle ein metode basert på dei fysiske eigenskapane til vatnet i væskeinklusjonane. Vi målar væske-damp-homogeniseringstemperaturen i vatnet som er innkapsla og bruker ein termodynamisk modell for å berekne effekten av overflatespenningen. Meir informasjon om metoden finn du i publikasjonane til Krüger et al. (Chemical Geology, 289, 2011) og i Marti et al. (Fluid Phase Equilibria, 314, 2012).

Tidlegare resultat har vist at spreiinga i temperaturdata frå forskjellige inklusjonar i same vekstlag er betydelig større enn forventa basert på nøyaktigheita til målingane og naturlege variasjonar i grottetemperaturar. Målet med FluidMICS prosjektet er derfor å identifisere potensielle faktorar og mekanismar som fører til den observerte spreiinga av data for å ytterlegare forbetre nøyaktigheita av metoden. Til dette formålet vil vi leite etter teikn på volumendring etter lukking og variasjonar i lukkingsalderen på inklusjonene, i tillegg til å undersøkje potensielle effektar av ureinhetar på eigenskapane til væskeinklusjonane.

Arbeidsoppgåvene til postdoktorkandidaten inkluderer identifisering og kvantifikasjon av potensielle faktorar og mekanismar som bidrar til den observerte spreiinga av temperaturdata basert på analysar og modellberekningar. Undersøkinga vil bruke ein rekke småskala bildegjevande teknikkar i 2D og 3D, ved bruk av fasilitetar tilgjengelig i Bergen og samarbeid med eksterne prosjektpartnerar. I tillegg er det lagt opp for medrettleiing av doktorgradsstudentar og masterstudentar. Med denne stillinga vil vi utvide ekspertisen i forskargruppa og søkjer kandidatar med bakgrunn innan fysikk eller materialvitskap som er interessert i å bruke sin ekspertise til forsking på væskeinklusjonar og paleoklima, og som er motivert til å samarbeide i eit tverrfagleg team med geologar og klimaforskarar. I tillegg til postdoktorstillinga består FluidMICS-teamet av professor Nele Meckler, Dr. Yves Krüger, og to doktorgradskandidatar, samt ei gruppe internasjonale samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor fysikk, materialvitskap, eller eit liknande fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå minst to av følgjande tema er eit krav: Faststoffysikk av krystalline materialar, termodynamikk, fysikk av overflater og grensesnitt, statistikk.
  • Erfaring frå noen av følgjande analytiske metodar er ein føremon: Polarisasjonsmikroskopi, Laserskanning konfokal fluorescensmikroskopi, Skanneelektronmikroskopi (SEM), Transmisjon Electronmikroskopi (TEM), Raman- og/eller Infrarød-spektroskopi, Røntgen absorpsjon eller Røntgen tomografi.
  • Tidlegare erfaring med numerisk modellering av deformasjonsprosessar og/eller overflateeigenskapar er ein føremon.
  • Søkjarar må være kjent med Matlab eller eit liknande programmeringsspråk. I tillegg er erfaring med Comsol og LabView ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Nele Meckler, Department of Earth Science, University of Bergen: nele.meckler@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS