LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i sedimentær geologi

Søknadsfrist: 15.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i sedimentær geologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til GEOPARD-prosjektet (Geostatistical Event-based Object-model Predicted from Analogue Reservoir Deposits) som er leia av Norsk Reknesentral og finansiert av Noregs forskingsråd. For meir informasjon om dette prosjektet, sjå denne sida.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

GEOPARD-prosjektet har som mål å utvikle eit nytt programvareverktøy for geologisk modellering. Arbeidet i postdoktorstillinga vil bli implementert og testa av dei andre forskarane i GEOPARD-prosjektet og kjem til å bli brukt av industripartnarane.

GEOPARD-prosjektet handlar om å bringe meir geologisk realisme inn i 3D-undergrunnsmodellane som blir brukt til å planleggje brønnar, administrere ressursar og føreseie væskestraum i underjordiske reservoar. Den teknologien som blir brukt til reservoarmodellering i dag, er meir en tjue år gamal, og den er klar for ei stor oppgradering. Bransjen etterlyser ein moderne algoritme som effektivt kan bruke komplekse brønnbaner og sikre realistisk framstilling av geologien. Vi vil løyse dette problemet ved å formulere geologiske reglar i eit Bayesisk statistisk rammeverk. Disse reglane vil bli formulert basert på undersøking av store geologiske blotningar.

Denne postdoktorstillinga i sedimentær geologi er ein integrert del av GEOPARD-prosjektet og har som mål å definere dei geologiske reglane som styrer faciesovergangar og stablingsmønster i klastiske sedimentære lagfølgjer. Dette vil bli gjort ved å analysere faciesovergangar i store virtuelle blotningsmodellar som er ein del av SAFARI-databasen, og ved å utføre geologisk feltarbeid i alluviale, grunnmarine og djupmarine avsetjingar, hovudsakleg i Pyreneene i Spania.

Postdoktoren vil arbeide tett saman med industrien, hovudsakleg Norsk Reknesentral og sponsorselskapa AkerBP, Equinor og Wintershall DEA. Prosjektgruppa inkluderer statistikarar, folk som lagar geologiske modellar og programmerarar. Det er derfor viktig at kandidaten har gode samarbeidsevner og eit sterkt ønskje om å formidle eigne resultat og eigen kunnskap til menneske som har ein annan bakgrunn enn kandidaten sjølv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor sedimentær geologi, reservoarmodellering eller liknande. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 15.august. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Brei erfaring frå klastisk sedimentologi med feltarbeid er eit krav.
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å forklare resultata sine til dei som ikkje er geologar, er eit krav.
  • Kandidaten må kunne dokumentere å kunne skrive gode vitskaplege artiklar.
  • Dokumentert erfaring frå, eller god kunnskap om, reservoarmodellering er ein sterk føremon.
  • Gode numeriske evner (geostatistikk, programmering) er ein sterk føremon.
  • Erfaring fra å arbeide med virtuelle blotningsmodellar er ein sterk føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Førarkort for personbil.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 10% av arbeidstida skal brukas på aktivitetar knytte til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for geovitenskap. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing (ikkje lengre enn to sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV.
  • karakterutskrifter og vitnemål. karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 15.08.2021.
  • relevante attestar.
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg:

  • Førsteamanuensis Christian Haug Eide, christian.eide@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS