LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i klimavarsling

Søknadsfrist: 28.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i klimavarsling. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år. Stillinga er knytt til Bjerknes klimavarslingsprogram og Bjerknessenteret for klimaforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktoren vil vere ein del av Senter for forskingsdrevet innovasjon - Climate Futures finansiert av Noregs Forskningsråd. Climate Futures er eit nytt og ambisiøst prosjekt for å utvikle klimatenester i Noreg basert på klimavarsling frå månader til sesongar. Det er et tverrfagleg prosjekt som samlar selskapa, offentlege organisasjonar og forskargruppa på tvers av sektorar og fagområda for å takle dei presserande utfordringane knytt til klimaendringar.

Postdoktoren vil utvide bruken av dataassimileringsmetoder for å initialisere landkomponenten innanfor den norske klimavarslingsmodellen (NorCPM-Norwegian Climate Prediction Model). Postdoktoren vil arbeide med teoretisk og teknisk utvikling, og i å utføre numeriske eksperimenter på tungrekningsanlegg. Stillinga vil bidra til å forbetre klimaprognosane på tidsperiodar frå månadar til sesongar, som er av stor interesse for Climate Futures interessentar, og dette kan krevje samhandling med desse interessentane. Postdoktoren vil jobbe i tett samarbeid med Climate Futures-teamet,utviklerne av NorCPM ved Bjerknessenteret for klimaforsking, og med Data Assimilation-gruppa ved NERSC.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor geofag, meteorologi, anvendt matematikk, fysikk, eller anna relevant fagområda, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein solid bakgrunn i anvendt matematikk er eit krav.
  • Gode ferdigheiter i programmering og dataanalyseprogramvare er eit krav.
  • Erfaring med kontakt med beslutningstakere og klimatenester vil vere ein ressurs
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Erfaring med noko av det følgande vil vere fordelaktig: dataassimilering (spesielt med ensemblemetoder), landoverflatemodellering, geofysisk væskedynamikk, klimamodellering, klimadynamikk og klimavarsling.
  • Erfaring med store felleskoder og tungrekningsanlegg vil vere fordelaktig.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 10% av arbeidstida skal brukas på aktiviteter knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Geofysisk institutt. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. François Counillon (francois.counillon@nersc.no), Nansen Environmental and Remote Sensing Centre, eller
  • Professor Noel Keenlyside (noel.keenlyside@uib.no), Geofysisk institutt, Universitet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS