LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i klimadynamikk

Søknadsfrist: 08.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til eksternfinansierte prosjekter. Finansieringstøtte kommer frå Trond Mohn Stiftelse og Forskingsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Dette er ei delt stilling mellom Bjerknes klimavarslingsprogram og Climate Futures, som har som fokus å utvikle dei forbetra klimaprediksjonane og klimaservice for sektoren frå Atlanterhavet til Arktis, på sesongmessige til fleirårige tidsskalaer.

Hovudmålet med stillinga er å forbetre forståing og modellering av mekanismane for klimavariabilitet i dei atlantiske-til-arktiske områdane og omkringliggande kontinent, og å integrere disse i klimaservice. Arbeidet vil omhandle tropisk og ekstratropisk dynamikk på tidsskalaer frå sesong til tiår, inkludert ekstratropisk blokkering, variasjon i stormbanar og variasjonar knytt til den arktiske oscillasjonen, fjernkopling og koplingar mellom stratosfæren og troposfæren. Arbeidet vil omfatte analyse av data (modell, observasjonar og reanalyse) ved bruk av avanserte statistiske teknikkar, som MSSA, MEMD, og bruk av modellhierarki. Arbeidet vil også omfatte validering av den norske prediksjonsmodellen (NorCPM) og bruk av statistiske metodar for å forbetre klimavarsel. Det vil vere eit tett samarbeid med utviklarar av NorCPM og NorESM. Det vil også være jamleg samhandling med samarbeidspartnerar frå industrien gjennom deltaking i pilotstudiar innanfor Climate Futures.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller eit anna relevant fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Svært god bakgrunn innan tropisk og ekstratropisk atmosfærisk dynamikk og i det kopla stratosfære/troposfæresystemet er eit krav.
  • Svært gode programmerings- og dataanalyse-ferdigheiter er eit krav (f.eks. i Fortran, Python, Matlab).
  • Erfaring med å analysere klimamodellar og prediksjonsresultata, og erfaring med å utføre modellsimuleringar er eit krav.
  • Erfaring med å analysere klimadynamikken i den nordatlantiske regionen, inkludert koplingar mellom stratosfæren og troposfæren og fjernkopling er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Spesielle krav til stillinga er vilje og evne til å jobbe på tvers av faggrenser i et tverrfagleg lag som inkluderer samarbeidspartnerar frå næringsliv.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle (kvalitet og breidd), ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga.

Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Nour-Eddine Omrani, Geofysisk institutt, noureddine.omrani@uib.no, eller
  • Professor Noel Keenlyside, Geofysisk institutt, noel.keenlyside@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS