LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i djuphavsmikrobiologi

Søknadsfrist: 25.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre.

Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i djuphavsmikrobiologi

Ved Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i djuphavsmikrobiologi.Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til det eksternt finansierte prosjektet DeepSeaQuence, Noregs Forskingsråd (NFR).

Om prosjektet

Stillinga er ein del av forskingsprosjektet DeepSeaQuence (Uncovering the metabolic secrets and capacity of Arctic deep-sea hydroterm vant microbiomes), finansiert av MARINFORSK-programmet ved forskingsrådet. Kandidaten som blir tilsett vil jobba med prøvar som er samla inn i det hydrotermiske systemet langs den Arktiske midthavsryggen. Det vil bli lagt vekt på ei djupare forståing av dei mikrobielle assosiasjonane i hydrotermiske mikrobiomer i djuphavet ved bruk av ein kombinasjon av sekvensbaserte og bildebaserte teknikkar for å identifisera interaksjonar mellom like og ulike artar. Korte forskingsopphald kan vera mogleg med partnarar i DeepSeaQuence-prosjektet. Som ein del av forskingsaktiviteten i Djuphavsbiologi-gruppen kan det og vera ei moglegheit å delta i forskingscruiseaktivitet til den Arktiske midthavsryggen.

Arbeidsoppgåver

  • Metagenomikk og metatranskriptomikk-baserte undersøkingar
  • Fluorescens in situ hybridization (FISH) probe design
  • Konfokal laserskannemikroskopi FISH (CLSM-FISH)
  • Skannelektronmikroskopi (SEM) / Heliumionmikroskopi (HIM)

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor mikrobiologi, molekylærbiologi/genetikk, bioinformatikk eller andre relaterte felt eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med bioinformatikk er eit krav.
  • Erfaring med (meta) transkriptomikk er ein føremon.
  • Erfaring med mikroskopiteknikker (FISH, SEM / TEM) er ein føremon.
  • Erfaring med metabolske veier i mikroorganismer er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Stillinga krev evner og motivasjon til å jobba sjølvstendig og engasjera seg i felles forskingsaktivitetar i Djuphavsbiologi-gruppen ved Institutt for Biovitenskap, Universitetet i Bergen.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Runar Stokke, Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen. E-post: runar.stokka@uib.no, telefon: 55583833, eller
  • Professor Ida Steen, Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS